Hopp til innhald

Operasjon Dagsverk 2023

Deltek skulen din på Operasjon Dagsverk? Eller vurderer de å gjere det? Her finn du informasjon om årets OD-prosjekt og får hjelp til å gjennomføre Internasjonal Uke og OD-dagen.

Kva er Operasjon Dagsverk?

Operasjon Dagsverk (OD) er Noregs største solidaritetsaksjon av, med og for ungdom. Kvart år arrangerer OD informasjonskampanjen Internasjonal Uke (IU) som skular i heile Noreg kan delta på. Her lærer elevane om kva som er med på å gjere verda urettferdig, sett i lys av årets OD-prosjekt og rolla vår i verda.

På aksjonsdagen i oktober/november, OD-dagen, kan elevane velje å jobbe til inntekt for årets prosjekt, som støttar ungdom og utdanning i ein annan del av verda.

Årets prosjekt: Skuddsikker framtid

Årets OD-prosjekt er i samarbeid med SAIH (Studentenes og Akademikernes Internasjonale Hjelpefond) og støttar ungdom i Colombia. Sjølv om det er eit av dei farlegaste landa i verda å vere menneskerettsforkjempar i, står ungdom saman i front og kjempar for rettane sine. Det handlar ikkje berre om vern, men om å styrke si eiga framtid og notid.

Årets prosjekt skal støtte ungdomsorganisasjonar som gir ungdom alternativ til vald, kunnskap og evner til å påverke styresmaktene, og bidreg til at ungdom står sterkare rusta mot rekruttering til kriminalitet. Saman skapar vi ein skotsikker fellesskap og ei skotsikker framtid.

Under finn du utvalde undervisningsopplegg knytte til årets prosjekt. Opplegga er utarbeidde av Operasjon Dagsverk.

Meir informasjon og fleire undervisningsopplegg finn du på nettsidene til Operasjon Dagsverk:

Rettshavar: Operasjon Dagsverk
Sist fagleg oppdatert 11.08.2023