Hopp til innhald

Mangfaldskompetanse

Alle er ulike. Mangfaldskompetanse handlar om at vi er klar over dette og har kunnskap om kva denne ulikskapen går ut på. Slik kan vi bli gode medborgarar og bidra til eit inkluderande samfunn.

I dette emnet finn du mellom anna ein læringssti som skal gi ei innføring i mangfaldsomgrepet og øve opp mangfaldskompetansen din. Mangfaldskompetanse handlar om å ha kunnskap om forskjellar og å ha evne til å setje seg inn i korleis andre har det, eller kvifor dei er som dei er.

Det er mange fagomgrep som er i slekt med mangfaldskompetanse. Når vi snakkar om mangfaldskompetanse på det kulturelle området, bruker vi gjerne omgrepet interkulturell kompetanse. Andre relevante omgrep er ueinigheitsfellesskap, interseksjonalitet, kulturrelativisme og kulturmøte. Her har vi samla ressursar frå ulike fag som tek for seg desse omgrepa.

Andre ressursar om mangfald

Skrive av Eivind Sehested Zakariassen.
Sist fagleg oppdatert 10.08.2022