Hopp til innhald
Nynorsk

Klassen som ressurs

Bli med å lage den klassen du sjølv ønsker å vere ein del av. Som elev er du ofte heile dagen på skulen, og det er mykje du kan bidra med for å skape eit betre miljø.

Kva slags klasse ønsker du å vere ein del av? Korleis skaper vi ein slik klasse? Og kven skal gjere det?

Det korte og enkle svaret er at det er du sjølv som veit kva slags klasse akkurat du vil vere ein del av. Det er du som, saman med dei andre elevane, må finne ut korleis de skaper ein slik klasse, og det er de som må gjere jobben i samarbeid med kvarandre.

Ein god klasse, ein bra skule og eit godt skulemiljø er noko vi skaper saman. Og i denne casen skal de jobbe med korleis de, som elevar og klasse, aktivt kan bidra til å lage eit endå betre og meir inkluderande miljø.

Programmet "Klassen som ressurs" er utvikla ved Ski videregående skole. Dei har i fleire år arbeidd for at elevane aktivt skal bidra til eit betre klasse- og skulemiljø ved hjelp av slagordet "Den klassen du ønsker å tilhøyre, er du med på å skape sjølv". På Ski videregående er til dømes eldre elevar fadrar for nye elevar, og kvar klasse har eigne trivselsambassadørar som er med å arrangere miljøskapande aktivitetar. Alt dette kan du lese meir om her:

Leiar for elevtenesta ved Ski videregående skole, Renate Dancke, har òg skrive ei lærarrettleiing der ho presenterer det heilskaplege opplegget:

Det finst mange ulike måtar å aktivisere elevane på. Elevar, lærarar og skuleleiarar kan følge nokre av dei konkrete forslaga frå Ski videregående skole, eller bruke dei som inspirasjon til å utvikle sitt eige opplegg.

Skrive av Karl Henrik Aanesen.
Sist oppdatert 18.02.2026