Hopp til innhald

Kva er konspirasjonsteoriar?

For mange kan konspirasjonsteoriar vere underhaldande og spennande, men dei kan òg vere farlege både for enkeltpersonar og samfunnet. Kva er eigentleg ein konspirasjonsteori, og kva kjenneteiknar han?

I den tverrfaglege læringsstien "Utforsk konspirasjonsteoriar" skal du setje deg inn i kva som ligg i konspirasjonsteoriar, og korleis du kan kjenne dei igjen. Sentrale spørsmål i læringsstien er å kunne gjere greie for kjenneteikn for ein konspirasjonsteori og reflektere over kvifor desse teoriane kan vere farlege for individet, samfunnet – og ikkje minst demokratiet.

Jobb med konspirasjonsteoriar som eit tverrfagleg prosjekt

Konspirasjonsteoriar er eit viktig og sentralt tema som inngår i læreplanane i ulike fag. Temaet eignar seg derfor godt som utgangspunkt for eit tverrfagleg prosjekt, og det er mange moglegheiter for å tilnærme seg temaet frå ulike vinklar, i ulike fag.

Det finst fire opplegg på NDLA som tek for seg konspirasjonsteoriar frå ulike innfallsvinklar. Desse kan kombinerast og til dømes blir brukte til gruppearbeid i eit tverrfagleg prosjekt:

Relevante fag: samfunnskunnskap, norsk, engelsk, historie, religion og etikk, mediesamfunnet 1, mediesamfunnet 2, politikk og menneskerettar, sosialkunnskap, sosiologi og sosialantropologi

Skrive av Tor Ivar Utvik.
Sist fagleg oppdatert 17.03.2022