Hopp til innhald

Berekraftig utvikling for alle

Korleis går det eigenleg med verda, og korleis har folk det? I dette opplegget lærer du om sårbarheit, korleis menneske lever, og kva som skal til for at alle skal få oppleve ei berekraftig utvikling.

Landa i verda er einige om å prøve å skape ei berekraftig utvikling gjennom FNs 17 berekraftsmål. Gjennom media kan vi få inntrykk av at det går ganske dårleg med verda, og at ho ikkje blir meir berekraftig. I dette emnet skal du lære at utviklinga i verda er ganske positiv på dei fleste område, sjølv om vi ikkje høyrer så mykje om det. Du blir òg betre kjend med korleis ulike menneske rundt omkring i verda lever. I tillegg får du mogelegheita til å reflektere over korleis verda kan bli meir berekraftig, og kven som bør ta hovudansvaret når vi skal skape ei berekraftig utvikling for alle.

I læringsstien "Berekraftig utvikling for alle" har vi laga eit forslag til korleis de kan jobbe med dette emnet. I tillegg har vi lagt inn nokre fleire relevante ressursar i lista under.

Aktuelle fag

Dette er eit tverrfagleg emne. Ressursane her er spesielt relevante for fag som geografi, samfunnskunnskap, religion og etikk, historie, norsk, politikk og menneskerettar og sosiologi og sosialantropologi. I tillegg går det fint an å utvide emnet og gjere det relevant for fleire fag. De kan til dømes jobbe meir med statistikkdelen og kople på matematikkfaga.

Skrive av Hans Græsli.
Sist fagleg oppdatert 25.05.2022