Frukt og bær kan lagast til på mange ulike måtar. Dei kan nytast naturelle eller nyttast til mellom anna safting, sylting og gelé.
Bær blir definert som ei saftfull, kjøtfull frukt, som oftast med mange små frø. Vi skil mellom ville bær og hagebær.
Blautfrukter er ulike i storleik, frå druer til melon.
Kjernefrukt er ei fellesnemning for pærer og eple.
Steinfrukter er frukter som har ein kjerne som ein hard stein med eit frø inni i midten. Rundt steinen ligg fruktkjøttet.
Når vi høyrer ordet sitrusfrukter, tenkjer vi ofte på appelsinar, klementinar, sitronar og grapefrukt. Men det er mange fleire medlemmer av familien.
Andre frukter er ofte det vi kallar eksotiske frukter, og desse er mykje nytta i matlaging og til pynt.