Hopp til innhald

Operasjon Dagsverk 2024

Deltek skulen din på Operasjon Dagsverk, eller vurderer de å gjere det? Her finn de informasjon om Operasjon Dagsverk og OD-prosjektet i år, i tillegg til tips til gjennomføring av Internasjonal veke og OD-dagen.

Kva er Operasjon Dagsverk?

Operasjon Dagsverk (OD) er Noregs største solidaritetsaksjon av, med og for ungdom. Kvart år arrangerer OD informasjonskampanjen Internasjonal veke (IU) som skular i heile Noreg kan delta på. Her lærer elevane om kva som er med på å gjere verda urettferdig, sett i lys av OD-prosjektet i år og rolla vår i verda.

På aksjonsdagen i oktober/november – sjølve OD-dagen – kan elevane velje å jobbe til inntekt for årets prosjekt, som støttar ungdom og utdanning i ein annan del av verda.

Årets prosjekt: Ein bit om gongen

Mat tilfredsstiller det mest grunnleggande behovet vårt, og utan mat stoppar alt. For unge bønder i Guatemala er mat òg ein stor del av kven dei er som menneske. Maten er tett knytt til identiteten og tradisjonane deira, men òg heilt nødvendig for å kunne leve. Guatemala er eit av landa i verda som er hardast ramma av klimaendringar. Unge bønder må takle dei største konsekvensane, sjølv om dei ikkje har forårsaka dei. Det er urettferdig! Med klimatilpassa jordbruk kjempar ungdom ein målretta kamp for å sikre nok mat. Slik endar vi svolt med vår generasjon – ein bit om gongen.

OD i år handlar om mattryggleik, klimarettferd og identitet. Prosjektet er eit samarbeid mellom Operasjon Dagsverk og Utviklingsfondet.

Under finn du utvalde undervisningsopplegg som er knytte til årets prosjekt. Opplegga er utarbeidde av Operasjon Dagsverk.

Meir informasjon og fleire undervisningsopplegg finn du på nettsidene til Operasjon Dagsverk:

I tillegg har vi i NDLA ressursar som er relevante i prosjektet i år:

Rettshavar: Operasjon Dagsverk
Sist fagleg oppdatert 16.08.2024