Hopp til innhald

Kampen mot vindmøllene

Planane om eit vindkraftverk i kommunen skaper eit heftig engasjement i befolkninga. Set dykk inn i konflikten, undersøk ulike interesser og utforsk moglege løysingar.

Kva vil du undersøkje nærmare?

I ressursane under er det mange moglegheiter for å fordjupe seg i casen "Kampen mot vindmøllene".

  1. Ta utgangspunkt i den tenkte situasjonen som blir skissert i filmen, gå inn i rollene og spel ut konflikten som eit rollespel eller storyline.
  2. Flytt settinga til kommunen der de bur, og bruk forholda der som utgangspunkt for vidare arbeid.

Nokre ressursar kan de jobbe med i kortare periodar, mens andre eignar seg til større prosjekt.

Du kan sette saman dei ressursane du ønskjer til i ein læringssti på stier.ndla.no.

Lag eiga problemstilling

Denne casen handlar både om korleis vi skal skaffe oss energi på ein klimavennleg måte og nedbygging av natur. De kan også lage ei eiga problemstilling rundt desse temaa.

Kanskje nokre av desse sitata kan brukast som utgangspunkt for diskusjon og for å lage ei problemstilling?

Hyttebygging er den største trugselen mot norsk natur.

Kan vi elektrifisere Noreg utan å byggje ned meir natur?

Thoriumkraftverk vil gi rein energi i mange tusen år.

Det er nesten ikkje noko inngrepsfri natur igjen i Noreg.

Skrive av Thomas Bedin.
Sist fagleg oppdatert 10.02.2020