Hopp til innhald

Dulting: Gjer skulen meir klimavennleg

Klarer de å dulte skulen til å bli meir klimavennleg? Vi lærer mykje gjennom handling, og i dette opplegget skal de prøve å gjere skulen meir klimavennleg ved hjelp av dulting.

Nokre gonger kan klimaproblemet kjennast stort og uoverkommeleg. Det kan også verke så skremmande at vi blir handlingslamma. I dette undervisningsopplegget skal de derfor gjere noko heilt konkret, og forhåpentleg erfare at det nyttar. Du kan gjere ein forskjell! Målet med dette opplegget er å gjere skulen dykkar litt meir klimavennleg.

Vi har laga ein læringssti med ulike trinn, som til slutt endar opp med hovudoppgåva – Dult skulen meir klimavennleg (NDLA). Det er ikkje nødvendig å gjennomføre alle trinna i læringsstien først, men spesielt artikkelen Kva er dulting? (NDLA) vil vere eit godt utgangspunkt.

Dulting er ikkje nødvendigvis berre knytt til klima, så mykje av innhaldet her kan også brukast i andre tverrfaglege prosjekt eller inn i spesifikke fag. De kan til dømes heller prøve å dulte skulen meir berekraftig med utgangspunkt i FNs berekraftsmål. Eller de kan prøve å dulte folk til å ta meir helsefremjande val. Her er det mange moglegheiter!

Skrive av Hans Græsli.
Sist fagleg oppdatert 05.01.2022