Graskar - NDLA

Hopp til innhald

Graskar

Graskar kjem opphavleg frå Amerika, og arkeologiske funn viser at dei amerikanske urfolka dyrka graskar for 5000–6000 år sidan. Graskar har eit tjukt, hardt skal som kan vere glatt, knudrete eller med langsgåande riller. Fruktkjøttet er gult til oransje, fast og søtt.

Dyrking og lagring

Den norske sesongen strekker seg frå august til november. På grunn av det tjukke skalet kan store graskar lagrast i månadsvis. Graskar som er delte, har kortare haldbarheit og bør omsetjast raskt.

Bruksområde

Graskar blir brukt som kokt eller steikt grønsak i gryterettar, supper og stuingar. Sylta graskar er nydeleg til kjøtt- og fiskerettar. Graskaret blir delt og skrelt, og det svampaktige vevet og kjernane i midten blir fjerna. Pyntegraskar blir berre brukte til dekorasjon.

Kvalitetskrav

Graskar finst i mange ulike former, fargar og storleikar, og det er derfor vanskeleg å gi eksakte kvalitetsnormer. Graskar skal vere reine og heile og utan mugg, støytskadar eller mjuke flekker. Fruktkjøttet skal vere fast, og grønsaka skal kjennast tung i forhold til storleiken. Graskar må handterast varsamt sidan dei lett blir skadde på grunn av den høge vekta.

Næringsinnhald

Graskar inneheld noko karoten, som gir A-vitamin. Graskar er kalorifattig og inneheld noko kostfiber.

Sjå Matvaretabellen frå Mattilsynet for nærare opplysningar om næringsinnhaldet.

Med andre ord

latin: Cucurbita maxima
engelsk: pumpkin
tysk: Riesenkürbis
fransk: potiron

Rettshavar: Opplysningskontoret for frukt og grønt
Sist fagleg oppdatert 18.09.2024