Hopp til innhald

Persillerot

Persillerot er i nær familie med persille og er ein svært gammal kulturplante. Ho kjem opphavleg frå middelhavsområdet, der ho framleis veks vilt.
Ei persillerot mot kvit bakgrunn. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Persillerota er ei kvit rot med lysebrune striper som liknar på pastinakk, men er litt mindre. Både rota og graset har sterkare smak enn bladpersille. Smaken på persillerota kan også minne mykje om sellerirot. Om hausten blir persillerota seld i buntar med graset på. Utover vinteren blir rota seld utan gras.

Bruksområde

Persillerot i ei suppe. Foto.

Persillerota må reinskast før bruk. Kutt av stilken og rotfestet, og skrell med ein potetskrellar. Persillerot kan nyttast i supper og gryter, smørdampa eller steikt som tilbehøyr til kjøtretter. Riven persillerot er godt som råkost, i salat saman med eple og i wok. I supper og gryter kan også graset nyttast.

Prøv deg gjerne på å steikje persillerot i omnen.

Oppskrift på omnsbakte persillerøter (matprat.no).

Omnsbakt persillerot med skinke. Foto.

Kvalitetskrav

Persillerot skal vere rein, sunn, saftspent og fri for skadedyr. Rota skal vere heil, velforma og utan forgreiningar.

Næringsinnhald

Persillerot inneheld A-, B6- og C-vitamin, jern, kostfiber, folat og ein del kalium.

Sjå Matvaretabellen frå Mattilsynet for nærare opplysningar om næringsinnhaldet.

Hugselappen

Norsk sesong:

september–april

Med andre ord:

latin: Petroselinum crispum
engelsk: root parsley
tysk: Wurzelpetersilie
fransk: persil tubéreux

Lagring:

2–4 ºC, gjerne i plastpose eller plastboks

CC BY-SARettshavar: Opplysningskontoret for frukt og grønt
Sist fagleg oppdatert 25.03.2020