Fargelære
Når du skal jobbe med grafisk design, bør du ha kjennskap til grunnleggjande fargelære, fargesymbolikk og fargekontrastar. Fargar blir nemleg opplevde ulikt ut frå korleis dei er sette saman, og den samanhengen dei er brukte i. Derfor må du lære å ta medvitne val, slik at designet kommuniserer og appellerer til målgruppa.
Når du jobbar skjermbasert, bruker du RGB-fargar. RGB er eit fargerom som høyrer til det additive fargesystemet. Bokstavane i fargesystemet RGB står for red, green og blue. Dette er primær-/grunnfargane i fargerommet RGB. Fargar blir skapte ved å leggje saman (addere) fargar.
Når RGB-fargane blir lagde oppå kvarandre med full styrke, vil vi til slutt få fargen kvit. For å få svart tek du bort fargar. Det er fordi RGB er eit fargesystem som blir skapt ved hjelp av lys.
CMYK er eit fargesystem som blir brukt i firefargetrykk. Det høyrer til det subtraktive fargesystemet. I dette fargesystemet blir fargen lysare når du trekkjer frå fargar (subtraherer). Bokstavane CMY står for primær- eller grunnfargane cyan, magenta og yellow. Cyan er ein blåfarge, magenta ein raudfarge, og yellow er gul.
Om du legg inn 0 % fargeverdi av desse fargane, får du kvit. Med 100 % fargeverdi får du svart. Denne svartfargen blir litt matt. Derfor har vi i tillegg svart som eigen farge i dette fargesystemet, og det er denne svartfargen bokstaven K står for. K tyder Key-tone. CMYK og det subtraktive fargesystemet er altså motsett av RGB og det additive fargesystemet.
Primærfargar
I subtraktiv fargeblanding er primærfargane gul, raud og blå. Dei blir kalla primær- eller grunnfargar, fordi det er fargar som ikkje er laga av ei fargeblanding.
Fargesirkelen til Itten har rein gul, raud og blå som utgangspunkt. Den inste trekanten syner primærfargane.
Sekundærfargar
For å få ein sekundærfarge blandar du to primærfargar: raud og gul blir oransje, raud og blå blir lilla, mens blå og gul blir grøn.
Tertiærfargar
Tertiærfargar oppstår når du blandar ein primærfarge og ein sekundærfarge. Døme på tertiærfargar er guloransje, raudfiolett og blågrøn.