HMT-arbeid og internkontroll

Systematisk HMT-arbeid
Helse, miljø og tryggleik (HMT) står sentralt i å skape eit godt arbeidsmiljø.
Systematisk HMS-arbeid vil seie at arbeidsgivaren skal fastsetje mål for helse, miljø og tryggleik, kartleggje farar og problem og planfast arbeide for førebygging og oppfølging av sjukefråvær.
Krava til systematisk helse-, miljø- og tryggleiksarbeid finn vi i arbeidsmiljølova § 3-1
«For å sikre at hensynet til arbeidstakers helse, miljø og sikkerhet blir ivaretatt, skal arbeidsgiver sørge for at det utføres systematisk helse-, miljø- og sikkerhetsarbeid på alle plan i virksomheten. Dette skal gjøres i samarbeid med arbeidstakerne og deres tillitsvalgte.»

Internkontroll
Formålet med internkontroll er få i gang forbetringsarbeid i verksemda (bedrifta) når det gjeld arbeidsmiljø og tryggleik, førebygging av helseskade eller miljøskade frå produkt eller forbrukartenester, vern av det ytre miljøet mot forureining og betre handtering av avfall.
Arbeidet kan for eksempel følgje desse fasane (sjå også figuren):
Setje i verk
- ta initiativ til arbeidet
- informere og motivere
- setje mål og definere ansvar og rettar
- organisere og planleggje innføringa
Kartleggje
- skaffe oversyn over aktuelle lover og forskrifter
- kartleggje eksisterande rutinar for helse, miljø og tryggleik
- systematisere og oppbevare dokument
- kartleggje problemområde
Planleggje og prioritere
- planleggje og prioritere tiltak
- lage handlingsplan for gjennomføring
Følgje opp
- gjennomføre tiltak
- rette opp feil og manglar
- gjere forbetringsarbeidet til ein naturleg del av den daglege drifta
- gjennomgå med jamne mellomrom
Arbeidstilsynet
Korleis skal vi kome i gang med helse-, miljø- og sikringsarbeidet? Og korleis kan vi kontrollere at lover og forskrifter på HMT-området blir følgde?
Arbeidstilsynet skal informere og rettleie om krava i forskriftene og prinsippa for det systematiske helse-, miljø- og tryggleiksarbeidet. På heimesidene til Arbeidstilsynet er det oversyn over brosjyrar, skjema, regelverk og anna nyttig informasjonsmateriell.
Relatert innhald
Internkontrollforskrifta er ei eiga forskrift som viser korleis verksemder skal drive systematisk HMS-arbeid.