The Imitation Game - NDLA

Hopp til innhald

The Imitation Game

The Imitation Game er ein annleis krigsfilm, der ein følgjer krigsforløpet under andre verdenskrigen frå innsida av den britiske etterretninga.

Handlinga

Den andre verdekrigen rasar, og Storbritannia kjempar ein hard kamp mot den militære ekspansjonen til Hitler i Europa. Britisk etterretning har alt å vinne på å tolke nazistane sine koda radiosignal, då desse inneheld særs viktig informasjon om tyske militærstrategiar og det tyske krigsapparatet sine rørsler.

Tolkingane av radiosignala verkar umogleg, men så sett britiske myndigheiter sitt håp til at matematikaren og krypteringseksperten Alan Turing og teamet hans med kodeknekkarar skal makte å avsløre løyndommane til tyskarane.

Alan Turing har en særs samansett personlegdom, noko som gjer samarbeidet med kollegaene og oppdragsgjevarane hans vanskeleg. Turing set likevel all æra si i å løyse kodemysteriet, og dermed snu krigsforløpet som i lang tid har vore i Hitlers favør.

Enigma-koden

Storbritannia, skild frå fastlandet til Europa, kjempar ein kamp mot klokka, då manglande matforsyningar og enorme materielle tap er i ferd med å knekke landet. Der militære aksjonar ikkje lykkast tilstrekkeleg med å slå Hitler sitt Nazi-Tyskland, er det naudsynt å meistre teknologi som kan avsløre innhaldet i tyske radiosignal. Her snakkar vi om særs avanserte kodesystem, som tyskarane omprogrammerer éin gong i døgeret.

Denne krypteringa blei kalla Enigma-koden, og var i utgangspunktet umogleg for menneske å desifrere. Då den britiske etterretninga fekk fatt i den briljante matematikaren og krypteringseksperten Alan Turing, nådde dei for første gong eit vendepunkt i denne kampen mot kodane.

Alan Turing si løysing på problemet var å skape ei maskin som var endå meir avansert enn nazistane si Enigma-maskin. Saman med seg hadde han eit team av lingvistar, sjakkekspertar, studentar og etterretningsagentar. Basen deira var den løynde Government Code and Cypher School, Bletchley Park.

Alan Turing

Denne filmforteljinga er basert på sanne historiske hendingar.

Alan Turing var ein faktisk person, og dei vitskaplege oppdagingane hans gjorde det ikkje berre mogleg å snu krigsforløpet, men maskineriet han fann opp, og som han vidareutvikla etter krigen, var ikkje mindre enn forløparen til vår tids datamaskin.

Om regissøren

The Imitation Game er regissert av norske Morten Tyldum.

Tyldum fekk internasjonal merksemd for suksessfilmen Hodejegerne (2011). The Imitation Game er den engelskspråklege debuten hans.

Relatert innhald

Skrive av Per Olav Heimstad og Norsk filminstitutt. Rettshavar: Norgesfilm AS
Sist fagleg oppdatert 18.01.2017