Hopp til innhald

Sjukepleie ved osteoporose

Sjukepleietiltaka for pasientar med osteoporose handlar i stor grad om å førebygge brotskadar i skjelettet. Vi kan setje i verk praktiske tiltak, men å gi pasienten god informasjon om sjukdommen er òg eit tiltak.

Fallførebyggande tiltak

Fallførebyggande tiltak er viktige, og det kan vere formålstenleg å skaffe gå-hjelpemiddel. Å fjerne lause matter og dørstokkar kan redusere falltendensen hos eldre. Viss pasienten har nedsett syn, er det viktig med godt lys og at brillene er lett tilgjengelege. Då blir synet best mogleg når pasienten skal utføre ulike gjeremål.

Mange fallulykker skjer på badet i samband med stell og påkleding. Ein ergoterapeut kan hjelpe til med å finne fram til formålstenlege hjelpemiddel og med å tilpasse dei. Døme på hjelpemiddel kan vere sklisikre matter på badegolvet, opphøgd toalett, dusjstol, støttehandtak og gripetong. Pasientar som har osteoporose og auka risiko for fall, kan òg kjenne seg tryggare ved å bruke hoftevernar. Dette er undertøy som er polstra på hoftene, og som dempar støyt viss pasienten fell.

Personleg hygiene

Allmenntilstanden elles og smerter avgjer om brukaren treng hjelp til å stelle seg sjølv og kle på seg sjølv. Dersom pasienten er plaga med smerter, er det viktig å gi smertestillande i god tid før stellet.

I alle samanhengar der brukaren treng hjelp, er det viktig å behandle vedkommande svært varsamt. Hos personar med osteoporose kan det oppstå brot berre ved at pleiepersonalet dreg dei litt i armen eller dumpar dei ned i ein stol.

Aktivitet og kvile

Fysisk aktivitet er positivt for heile organismen. Den mekaniske belastinga som fysisk aktivitet gir på skjelettet, stimulerer beindanninga. Fysisk aktivitet styrker òg musklane og betrar balansen og koordinasjonen. Dette vil hjelpe på eventuell ustøleik hos pasientar.

Fordi pasientar med osteoporose kan bli krokrygga og kortare, er det viktig at dei får informasjon om kor viktig det er at dei prøver å halde oppe ei viss kroppshaldning. Å styrke kroppshaldninga betrar balansen, styrker musklane og reduserer tendensen til å falle.

Dersom osteoporose medfører smerter, er god smertelindring nødvendig for at pasienten skal kunne vere i aktivitet, og for at han eller ho skal kunne kvile godt.

Dersom det er mogleg, bør eldre pasientar vere ute i sollys i minst 15 minutt kvar dag. Sollys produserer vitamin D i huda og påverkar opptaket av kalsium.

Ernæring

Energirik og næringstett kost er tilrådd for personar med osteoporose. Eit godt kosthald førebygger sjukdommar og betrar allmenntilstanden generelt. For menneske med osteoporose er det viktig å ha eit feittlager som polstring, slik at dei har ei "støytpute" dersom dei fell. Låg kroppsvekt aukar risikoen for osteoporose, og brukarar bør derfor vegast regelmessig.

Proteinrikt kost

Et pasienten proteinrik, næringstett og energirikt kost, blir eventuelle brot lækte betre og behandlingstida blir forkorta. Protein er byggesteinar i kroppen, og får pasienten meir energi, aukar òg aktivitetsnivået.

Kalsium

Auka inntak av kalsium betrar beintettleiken. Kalsium finst i matvarer som ost og mjølk, grøne bladgrønsaker, sardinar, skaldyr, mandlar og korn. Appelsin har eit høgt innhald av kalsium. Får vi i oss mykje salt og koffein, går det ut over kalsiummengda i kroppen.

Vitamin D

Vi treng vitamin D for å ta opp kalsium og byggje kalsium inn i skjelettet. Matvarer som er rike på vitamin D, er tran og feit fisk (laks, aure, sild, makrell, kveite). Margarin og smør er tilsett vitamin D. Mjølk, ost og mager fisk inneheld òg små mengder med vitamin D.

Vitamin K

Vitamin K aktiverer proteinet osteokalsin i beinvevet. Dette proteinet speler ei rolle i oppbygging og vedlikehald av beinmassen, og gjennom forsking er det funne ein samanheng mellom vitamin K i kosten og redusert risiko for hoftebrot. Grøne grønsaker inneheld mykje vitamin K.

Vitamin C

Vitamin C er viktig for å bygge opp kollagen i skjelettet. Om auka inntak av vitamin C har noko å seie for osteoporose, er førebels uavklart.

Fiber og væske

Ein pasient med osteoporose kan vere plaga av obstipasjon. Fiberrik kost er derfor tilrådd. Rikeleg inntak av væske (30 ml per kg kroppsvekt per døgn) er viktig for å frakte næringsstoffa rundt i kroppen og for å førebygge obstipasjon og urinvegsinfeksjon.

Eliminasjon

Inkontinens

Ein pasient med osteoporose kan bli inkontinent og få såkalla stressinkontinens. Dette kjem av at kompresjonsbrot gjer ryggsøyla kortare, slik at det blir mindre plass til dei indre organa. Dette aukar presset på urinblæra. Ved auka trykk i magen (tunge løft, hosting eller nys) klarer ikkje muskulaturen i bekkenbotnen å halde igjen, og urinen blir pressa ut.

Det finst mange gode hjelpemiddel ved inkontinens, og det er viktig å finne fram til dei hjelpemidla som pasienten kjenner seg komfortabel med. Ved inkontinens er det auka risiko for urinvegsinfeksjon, og vi må setje i verk tiltak for å førebygge det.

Obstipasjon

Ved kompresjonsbrot i ryggsøyla blir som nemnt ryggsøyla kortare. Når det blir mindre plass til indre organ, går maten tregare gjennom tarmen. Då blir meir væske soge opp, og pasienten kan få obstipasjon – forstopping. Smertestillande medikament kan òg gi obstipasjon. Det same kan smerter, fordi pasienten er meir inaktiv når han eller ho har vondt. Inaktivitet gjer at maten går langsamare gjennom tarmen. Kalsiumpreparat kan òg medføre obstipasjon som biverknad.

For å førebygge obstipasjon er det viktig at pasienten får i seg fiberrik kost, rikeleg med drikke, er i aktivitet, går regelmessig på toalettet og har regelmessige måltid. Dersom det er legemidla som er årsaka til obstipasjonen, kan legen finne fram til andre typar legemiddel. Pasienten bør ta kalsiumpreparat i samband med måltid – morgon og kveld.

Smerte

For personar med osteoporose kan ryggsmerter og smerter etter brot vere eit problem. Smerter er eit signal frå kroppen om at noko er gale, og det er derfor viktig å ta smertene på alvor. Dette gjer vi ved å gi pasienten avlasting og kvile, slik at smertekjensla blir mindre. Det finst mange smertelindrande legemiddel (analgetika) på marknaden, både reseptfrie og reseptpliktige. Legen finn den typen som passar best for kvar enkelt pasient. Det er viktig å ta smertestillande legemiddel med jamne tidsintervall for å unngå smertetoppar.

Nokon får god smertelindring av varme, til dømes varmeputer eller varmeflasker. Sidan eldre gjerne har nedsett kjenslesans, må vi passe på at temperaturen ikkje er så høg at pasienten får brannskadar. Is kan òg lindre smerter. Ispakningar kan kjøpast på apotek. Det er tilrådd å polstre ispakningane med eit tøystykke slik at pasienten ikkje får frostskadar på huda.

Alternativ smertebehandling som akupunktur, fotsoneterapi og TNS (transkutan nervestimulering) har god smertelindrande effekt på enkelte pasientar med osteoporose.

Utfordringar til deg

  1. Kvifor skal du behandle ein person med osteoporose svært forsiktig?

  2. Sterkare bein reduserer faren for beinbrot. Kva kosthald vil du tilrå ein person med osteoporose?

  3. Kva hjelpemiddel kan bidra til å hindre fall og brot?


Relatert innhald

Skrive av Birgit Flaten.
Sist fagleg oppdatert 21.04.2022