Analyser kortfilmen Tuba Atlantic
Om filmen
Tuba Atlantic (2010) vart nominert til Oscar for beste kortfilm i 2012. Filmen, som er spelt inn på Stokkøya i Åfjord i Trøndelag, er regissør Hallvar Witzøs eksamensfilm frå Den norske filmskulen på Lillehammer.
Når Oskar får vite at han berre har seks dagar igjen å leve, ønskjer han å bli forsona med bror sin. Men for å få til dette treng han hjelp av austavinden, ein dødsengel med tannregulering og ein veldig stor tuba.
Oppgåve 1: Sjå filmen og noter stikkord
Sjå kortfilmen Tuba Atlantic på NDLA film. Filmen varer i 25 minutt. Noter viktige stikkord til ein seinare analyse mens du ser filmen.
Oppgåve 2: Karakterar og karakterutvikling i Tuba Atlantic
Beskriv karakterane Oskar og Inger.
Korleis utviklar desse karakterane seg i løpet av filmen?
Kva er det som gjer at dei endrar seg?
Oppgåve 3: Forteljeteknikk i Tuba Atlantic
Kva forteljargrep bruker filmen for å gi oss djupare innsikt i Oskars tankar og kjensler?
Kva forteljargrep bruker filmen for å gi oss djupare innsikt i Ingers tankar og kjensler?
Gi ei konkret skildring av scener som avdekkjer Oskars forhold til broren.
Forklar kvifor filmen har fått tittelen Tuba Atlantic.
Oppgåve 4: Dramaturgi i kortfilmar og noveller
Ei medieforteljing går føre seg i tid og rom. Beskriv romma og tidsspennet denne historia går føre seg i. Kva avgrensingar set tid og rom for forteljarstrukturen i ein kortfilm?
Studer fagteksten "Novellesjangeren", som du finn under relatert innhald. Kva likskapar er det mellom dramaturgien i ei litterær novelle og kortfilmen Tuba Atlantic?
Relatert innhald
Enkel fagstoffside om novellesjangeren.
Oskar skal døy om seks dagar og vil forsonast med bror sin på andre sida av Atlanteren. Korleis få kontakt? Ved å vekkje til live verdas største tuba!