Vurder spelet Pac-Man
Spel, vurder og diskuter spelet Pac-Man.

1. Spel Pac-Man og svar på spørsmåla:
Søk 'play pac-man' i ein nettlesar. Spel spelet.
- Korleis spelar ein Pac-Man?
- Kva er poenget med spelet?
- Beskriv dei visuelle og auditive elementa (figurar, fargar, lydar) i spelet.
- Kva for reglar gjeld i spelet?
- Korleis vinn ein spelet?
2. Snakk med ein medelev:
- Har de spelt Pac-Man tidlegare?
- Kva for spel har de spelt tidlegare som liknar mest på Pac-Man?
- Kva for spel likar de best å spele, eller har de likt best å spele?
- Kva med desse spela er det som de likar så godt?