Dramadokumentar og dokumentardrama

Sjangrane dramadokumentar og dokumentardrama kan knytast til to ulike tradisjonar innan film- og TV-produksjon: den amerikanske og den britiske.
Dokumentardramaet
Eit dokumentardrama (dokudrama) baserer seg på verkelege hendingar framstilte heilt eller delvis i fiktiv form. Dokumentardramaet kan koplast til den måten å lage film på som vi kjenner frå den amerikanske film- og tv-tradisjonen. Dokudramaa er ofte baserte på "ei sann historie", og filmane blir komponerte etter dei dramaturgiske prinsippa frå Hollywood-modellen.
Sjangeren blir brukt som samlenemning for biografiske eller historiske filmar eller tv-seriar som set i scene og dramatiserer verkelege hendingar eller livet til verkelege personar. Filmane bruker ekte skodespelarar, det blir skrive dreiebok og manus, og det blir elles jobba på same måten med filmproduksjonen som det ville blitt gjort om det var ein fiksjonsfilm.
Film: Klipp frå Kongens nei
Under ser du eit klipp frå filmen Kongens nei (lengde 2:46).
Hendingar og opplevingar frå krigsåra er ikkje berre grobotn for spennande og dramatiske filmforteljingar, det var også ein måte å fortelje om etterkrigstida på. Framstillinga av krigen i okkupasjonsdramaa var ein reiskap både for å forstå krigsåra og for å skape eit nytt Noreg etter krigen.
Dramadokumentaren
Dramadokumentaren kan knytast til den britiske tv-tradisjonen. Der dokudramaet dramatiserer verkelege hendingar eller livet til kjende personar, forsøker dramadokumentaren å simulere hendingar som i liten grad er dokumentert historisk, slik det vil vere dersom det ikkje er nokre vitne til hendinga, om hendinga fann stad for svært lenge sidan, eller om det dreier seg om meir generelle samfunssmessige spørsmål eller hendingar frå kvardagslivet.
Filmskaparen bruker her ein dokumentarisk stil for å formidle eit fiktivt innhald. Hendingane blir attskapte i ei dramatisert form ved å bruke ein forteljande stil i staden for ein skildrande stil.

Eit døme på dramadokumentar er tv-serien The Rise and Fall of an Empire. Eit anna døme er TV 2-serien The Making of the Mob, der vi blir kjende med mafiasjefane som bygde eit kriminelt imperium i USA på byrjinga av 1900-talet. Serien er ei blanding av dramatisering og arkivmateriell, i tillegg til intervju med eit breitt utval av personar. Denne framgangsmåten er også brukt i dokumentarfilmen Med rett til å kapre, som du kan sjå her på NDLA.
Ofte blandar ein fleire sjangrar i ein og same film. Nokre delar av ein film er då reint dokumentariske, medan andre er iscenesette eller illustrerte ved hjelp av figurar og animasjonar.
Fakta eller fantasi?
Dramadokumentaren har alltid vore ein mykje brukt sjanger, både på film og på fjernsyn. Til ein viss grad bidreg både dramadokumentaren og dokumentardramaet til å viske ut grensene mellom fakta og fiksjon. Ein kritikk mot desse sjangrane er derfor at dei faktiske tilhøva blir ofra til fordel for dramatiske verkemiddel.
Dei som forsvarer denne samanblandinga, meiner gjerne at ei dramatisering ikkje utelukkar ein sannferdig dokumentasjon. Ein vanleg dokumentarfilm er også berre ein måte å framstille røyndommen på. Film kan aldri vere fullstendig objektiv. Han vil alltid vere påverka av filmskaparen sine meiningar og preferansar.
Ni liv
Eit kjent norsk døme er Ni liv (1957), den norske filmatiseringa av Jan Baalsrud sine opplevingar under krigen, der Jack Fjeldstad speler Baalsrud. Denne filmen vart nominert til Oscar i klassa for beste utanlandske film i 1957. Han blir ikkje rekna som ein dokumentarfilm, men er ei iscenesetjing av hendingar som har funne stad. I 2017 vart forteljinga om Jan Baalsrud fortald på nytt i filmen Den 12. mann.

Spelefilmen Ni liv kan du sjå her på NDLA.
Fiksjon i dokumentarform
Skodespelaren og filmskaparen Orson Welles skapte i si tid panikk då han i 1938 framførte H.G. Wells sin roman War of the Worlds som høyrespel på radio. Welles nytta ei forteljeform som fekk amerikanarane til å tru at marsbuarar hadde invadert New Jersey.
Kurer om den gode historia
Tekstversjon
Deltakarar:
Line Gevelt Andersen – programleiar
Nils Heyerdahl – NH
Programleiar: Du er kanskje ein av dei som nyleg har vore på kino og sett nyversjonen av Klodenes kamp, eller War of the Worlds, som han heiter på amerikansk, utan å bli nemneverdig skremd av den grunn. I alle fall kjende eg meg rimeleg kald då eg såg denne filmen.
(Mannsstemme i bakgrunnen:) Professor Pierson, can you tell us the meaning of that scraping noise inside the thing?
Programleiar: Noko heilt anna er det med radioversjonen. Små hår reiser seg på underarmen kvar gong eg høyrer dramatiseringa av romanen The War of the Worlds på radio. Orson Welles' radioversjon har vorte ein klassikar. Første gong dramaet vart sendt, var på sjølvaste halloween i 1938.
NH: Då gjekk det eit radioprogram på lufta som eg trur eg kan seie er det mest berømte av slaget sitt.
Programleiar: Nils Heyerdahl er sjef for Radioteatret i NRK og har sendt høyrespelet War of the Worlds frå 1938 mange, mange gonger på norsk radio. Han er framleis like imponert over Orson Welles' genuine sans for dramaturgi.
(Mannsstemme i bakgrunnen:) A slight atmospheric disturbance of undetermined origin is reported over Nova Scotia ...
NH: Han gjer det nemleg så genialt at han han lar fiksjonen bryte inn i dei vanlege sendingane. Altså først høyrer ein ei vêrmelding, ei heilt alminneleg vêrmelding. Så set vêrmeldaren over til ein danserestaurant, eit hotell, der det speler eitt orkester, og ein høyrer dansemusikk og ein programleiar, og alt det er heilt normalt.
(Mannsstemme i bakgrunnen:) Ladies and gentlemen, we interrupted our program of dance music to bring you a special bulletin ...
NH: Men så plutseleg blir musikken feida ut, og det kjem inn ei ekstrasending, ein nyheitsbulleteng om at ein har observert nokre underlege eksplosjonar på Mars og nokre kommentarar til det. Så set ein tilbake til dansemusikken, og så held det fram som om det var ei vanleg radiosending. Men så kjem det ei ny melding, og ho er endå meir urovekkande, og så tilbake til musikken igjen. Og slik blir det bygd opp ei kjensle av at dette er reelle nyhetsbullengar og reportasjar som kjem inn. Det er noko som skjer der ute.
(Mannsstemme i bakgrunnen:) ... the gas tanks of automobiles ... It's spreading everywhere. It's coming this way. About twenty yards to my right ...
NH: Plutseleg er det brot, det blir heilt stille, noko har skjedd. Har marsbuarane teke hand om eller øydelagt utstyret, mikrofonen eller kva det er for noko? Så det Orson Welles på ein måte gjer her, ved for første gong å utnytte til fulle verkemidla i radioen, det er jo å faktaisere, om eg kan bruke eit sånt uttrykk, ein fiksjon. Han lar altså ein fiksjon få ei form som gjer at folk trur det er fakta. Eg trur lyttarar lyttar til og forstår ei radiosending på ein heilt annan måte når dei er klare over at noko er eit høyrespel eller ein fiksjon. Det kan vere spennande, ein kan bli riven med, men ein har heile tida forståinga for at det er trass alt løgn. Dette er jo ikkje verkelegheit. Men om ein går over den grensa og plutseleg byrjar å tvile og så etter kvart byrjar å tru at dette er faktisk verkelegheit, då byrjar ein å lytte på ein heilt annan måte.
(Mannsstemme i bakgrunnen:) They rise like a line of new towers on the city's west side ... Now they're lifting their metal hands. This is the end now ...
Programleiar: Og det som faktisk skjedde, det var jo at folk byrja å flykte og melde seg til militærteneste. Og ja, i det heile.
NH: Ja, det blir trafikkaos i New York og i andre storbyar. Det var tilløp til panikk, og det gjekk rykte om at folk var omkomne og drepne og var døde av hjarteinfarkt og så vidare. Det var visst ingen som direkte omkom av dette, men det var atskilleg panikk.
(Mannsstemme i bakgrunnen:) Put on gas masks.
NH: Mens denne sendinga gjekk føre seg og panikken auka, kom det jo rasande førespurnader til radioselskapet CBS om at dette måtte stoppast, men produsenten John Housemann nekta å stoppe det heile, og det heldt fram. Men då det var over, måtte Orson Welles og medarbeidarane hans følgast av sikkerheitsvaktene inn i eit eige rom og blir isolerte frå verda før dei vart slopne laus til pressa. Det var masse dramatikk rundt det.
Programleiar: Dette skjedde jo i 1938, og framleis snakkar vi om Orson Welles-effekten. Men kva er eigentleg det?
NH: Ja, det er akkurat det eg prøvde å beskrive, at folk faktisk trur at dette er faktisk og ikkje fiksjon. Den grensa har vi av og til vore i nærleiken av, altså her heime i Radioteatret. Vi kan lage sendingar som har eit så realistisk preg at folk kanskje kan byrje å lure og av og til bli skremde dersom dei verkeleg trur at det vi sender, er faktisk.
Når dokumentaren møter science fiction
I dag gjer ulike former for datagenerert animasjon det mogleg å skape audiovisuelle representasjonar av fiktive hendingar, både i fortid og i framtid. Tv-serien Life After People er ikkje dokumentaristisk i tradisjonell meining, sidan han fortel om noko som kan komme til å hende. Men serien bruker mange av verkemidla frå dokumentarfilmen. Slike forteljingar om framtida har ein klar parallell til ein annan sjanger, nemleg science fiction. Sjå traileren til Life After People hos IMDb.
Relatert innhald
Frå 90-talet av er det den einskilde helten som blir skildra i okkupasjonsdramaa. I etterkrigstida var det kvardagsheltane som utførte heltedådar saman.