Hopp til innhald
Nynorsk
Interaktivt innhald
Video

Samanlikn filmsjangrar

Den norske dokumentaren Kon-Tiki fekk Oscar som beste dokumentarfilm i 1950. I 2012 vart ein norsk spelefilm om Kon-Tiki-ekspedisjonen lansert. Samanlikn dei to filmane, og reflekter over filmatisk attgiving av historiske hendingar.

Oppgåve 1: Kan du sjangeromgrepa?

Oppgåve 2: Samanlikn ein dokumentar og ein spelefilm

Sjå delar av Thor Heyerdals dokumentarfilm Kon-Tiki (1950).

Sjå og les deretter meldinga av Joachim Rønning og Espen Sandbergs spelefilm Kon-Tiki frå 2012 hjå NRK Filmpolitiet: Kon-Tiki.

Samanlikn måten historia blir fortald på i dei to filmane

  • kva er likt?
  • kva er ulikt?
  • kva er det som gjer at vi forstår at den eine filmen er ein dokumentar og den andre er ein spelefilm?

Oppgåve 3: Reaksjonar på spelefilmen

I spelefilmen Kon-Tiki er nestkommanderande på flåten, Herman Watzinger, framstilt på ein måte som dottera tek sterk avstand frå. Ho meiner at filmkarakteren har lite til felles med den ekte personen han er basert på.

Les kommentaren av Jon Selås på VG Nett:

VG: Kon-Tiki er ingen dokumentar

  • Korleis grunngir manusforfattar Petter Skavlan og regissør Espen Sandberget biletet spelefilmen gir av Herman Watzinger?
  • Ut frå det du kan om filmsjangrar, vil du kalle filmen frå 2012 ein dramadokumentar eller eit dokumentardrama?

Oppgåve 4: Diskuter i klassen

Er det riktig å framstille personar som har levd, på ein historisk ukorrekt måte i ein spelefilm?

Kjelde

Furuly, J.G. (2012): - Kon-Tiki gir et grovt uriktig bilde av min far. Hentet 15.12.25 fra https://www.aftenposten.no/kultur/i/kJe4A/kon-tiki-gir-et-grovt-uriktig-bilde-av-min-far

Relatert innhald

Fiksjonsfilm

Ein fiksjonsfilm er basert på ei oppdikta historie. Ein spelefilm er ein lengre fiksjonsfilm. Korte fiksjonsfilmar blir kalla novellefilmar eller kortfilmar.

Skrive av Ragna Marie Tørdal.
Sist oppdatert 11.02.2021