Hopp til innhald

Journalistikk

Journalistikk er informasjon om noko som faktisk finst, eller noko som faktisk har hendt. Derfor må journalisten alltid vurdere informasjon frå kjelder på ein kritisk måte.

Klipp frå filmen En helt vanlig dag på jobben. I skandalepressa er det lett å la seg freiste til å gjere ei god historie endå litt betre ved å "regisserer" situasjonar som seinare blir presenterte som sanning.

Journalistikk er informasjon om noko som faktisk finst, eller noko som faktisk har hendt. Journalisten må derfor alltid ha som rettesnor å formidle det som er sant. I mange tilfelle er folk usamde om kva som eigentleg er sanninga. Då er det journalisten si oppgåve å informere på ein objektiv måte om dei ulike oppfatningane som finst.

Kjelder kan lyge eller ”pynte på” sanninga. Då er det journalisten si oppgåve å vurdere om kjeldene er truverdige. Bruk sikre kjelder, og kryssjekk den informasjonen kjeldene kjem med. Dersom du har lova ei kjelde at namnet ikkje skal bli kjent, må du ikkje la deg presse til å offentleggjere dette. Kjeldevern er eit viktig prinsipp i all journalistikk.

Som journalist skal du opptre som uavhengig, både i høve til ulike grupperingar i samfunnet, og i høve til eigne, private interesser. Ikkje opptre som mikrofonstativ for alle som ønskjer publisitet. Det er ikkje alle historier som fortener å bli fortald.

Det du seier eller skriv som journalist, og bileta du publiserer, blir sett og høyrt av mange menneske. Journalistikk er eit mektig våpen som kan øydelegge livet til eit menneske. Tenk derfor gjennom korleis du sjølv ville reagert dersom saka handla om deg og dine næraste før du trykkjer på publiseringsknappen.

CC BY-SASkrive av Ragna Marie Tørdal.
Sist fagleg oppdatert 09.04.2018