Overtyd med etos
Har du forstått kva etos er? Prøv deg på å selje ein penn ved hjelp av argument som styrkar truverdet ditt.

Bilete: analogicus / Avgrensa gjenbruk
Oppgåve. Sel pennen din!
Jobb saman i grupper på to til fire elevar.
- Prøv å overtyde nokon om å kjøpe pennen din berre ved å bruke argument som viser kunnskap.
- Prøv å overtyde nokon om å kjøpe pennen din berre ved å bruke argument som viser velvilje.
- Prøv å overtyde nokon om å kjøpe pennen din berre ved å bruke argument som viser god moral.
- Prøv å overtyde nokon om å kjøpe pennen din berre ved å bruke argument som viser autentisitet.
Relatert innhald
Etos
Når du skal skrive ein tale eller eit debattinnlegg, er det viktig at publikum har tiltru til at det du seier, er sannsynleg eller sant.