Hopp til innhald
Nynorsk

Kva er legemiddel?

Som helseservicearbeidar må du ha kunnskap om legemiddel for å gi informasjon, råd og rettleiing til pasientar og kundar om rett legemiddelbruk. Feil bruk kan føre til at legemiddelet ikkje verkar som det skal eller føre til biverknader og forgiftingar.

Kva blir rekna som legemiddel?

Kva som blir rekna som eit legemiddel, er strengt regulert i lover og forskrifter. Legemiddelforskrifta er ei forskrift som fastset reglane for prisregulering, reklame, marknadsføringsløyve og overvaking av distribusjon av legemiddel i Noreg. Direktoratet for medisinske produkt (tidlegare Statens legemiddelverk) definerer legemiddel slik:

Et legemiddel er ethvert stoff, droge eller preparat som

1. utgis for å være egnet til å forebygge, lege eller lindre sykdom, sykdomssymptomer eller smerter, eller påvirke fysiologiske funksjoner hos mennesker eller dyr; eller

2. kan anvendes eller gis til mennesker eller dyr for å gjenopprette, endre, eller påvirke fysiologiske funksjoner gjennom en farmakologisk, immunologisk eller metabolsk virkning, eller for å påvise sykdom. (Direktoratet for medisinske produkter, u.å.)

Kva består legemiddel av?

Eit legemiddelpreparat er eit kjemisk framstilt produkt. Det kjem i den forma vi kjenner som legemiddel, til dømes i form av tablettar eller miksturar.

Verkestoff og hjelpestoff

Legemiddel består hovudsakleg av eitt eller fleire aktive verkestoff som gir den medisinske effekten, kombinert med ulike hjelpestoff. Hjelpestoff er stoff som gir form, farge, stabilitet og smak til preparatet.

Droger

Droger er råstoff frå plante- og dyreriket som blir brukt i medisinsk intensjon. Droger blir lite behandla og er ofte berre tørka og delt opp i mindre bitar. Eit døme på eit preparat som inneheld droge, er Valeriana Forte. Valeriana Forte inneheld tørka rot av legevendelrot, som kan lindre lett uro og innsovningsvanskar.

Kva eigenskapar har legemiddel?

Legemiddel kan førebygge, lækje, lindre, påverke eller endre fysiologiske funksjonar i kroppen.

Førebygge
Førebyggande legemiddel reduserer risikoen for alvorlege hendingar og for tidleg død, til dømes behandling med blodtrykksmedisinar for å førebygge hjarte- og karsjukdommar.
Lækje
Dette er legemiddel som tek sikte på å heile eller behandle sjukdom, til dømes antibiotika eller kreftmedisin (cytostatika).
Lindre
Dette er legemiddel som lindrar plagsame tilstandar eller symptom som følge av ein sjukdom eller ei plage, som til dømes smertestillande (analgetika) eller febernedsettande (antipyretika).
Påverke eller endre fysiologiske funksjonar
Dette er legemiddel som påverkar eller endrar fysiologiske funksjonar i kroppen, til dømes prevensjonsmiddel som forhindrar graviditet, eller insulin ved diabetes.

Namn på legemiddel

Det er verkestoffet i eit legemiddel som gir den ønskte effekten, men det finst fleire preparat med same verkestoff som har ulike namn.

Preparatnamn

Preparatnamnet er namnet til produsenten av legemiddelet, og det er namnet som legemiddelet blir marknadsført og selt under. Namnet er beskytta gjennom patent, det vil seie at ingen andre produsentar kan kalle eit preparat med same verkestoff for det same. Eit døme på dette er Paracet.

Generisk namn

Det generiske namnet er namnet på verkestoffet i preparatet. Paracetamol og ibuprofen er døme på verkestoff som blir selde under fleire ulike preparatnamn.

Originalpreparat og synonympreparat

Eit originalpreparat er det første legemiddelet med eit bestemt verkestoff som blir godkjent, etter mange års forsking for å dokumentere effekten. Produsenten får einerett (patent) til å selje legemiddelet i ein periode, ofte i omtrent 10 år.

Når eineretten går ut, kan andre produsentar lage eit synonympreparat / generisk preparat, som blir selt billigare fordi dei ikkje har brukt ressursar på å forske på verkestoffet. For at preparat skal vere synonyme, må dei innehalde same mengde og styrke av verkestoffet, ha same legemiddelform og lik effekt.

Generisk byte

Generisk byte er når ein byter ut eit originalpreparat med eit synonympreparat. Det kan vere store prisforskjellar på eit originalpreparat og eit synonympreparat. Apoteka er pålagde å tilby det rimelegaste alternativet som finst. Byteordninga er ei lovfesta ordning som sparer både pasienten og samfunnet for unødvendige kostnader.

Felleskatalogen

Felleskatalogen er eit digitalt oppslagsverk over legemiddel og preparat som er marknadsførte i Noreg. Katalogen finst som app og på nettsida Felleskatalogen.no. Felleskatalogen blir brukt av helsepersonell for å finne legemiddelinformasjon, men privatpersonar kan også bruke han.

I Felleskatalogen kan du finne opplysningar om kvart enkelt preparat, til dømes bruksområde, pakningsvedlegg, biverknader, dosering, forgiftingar, pakningsstorleikar, prisar og utleveringsreglar.

Søke i Felleskatalogen

I Felleskatalogen kan du søke etter informasjon på ulike måtar. Her er døme på kva du kan søke på.

Preparatnamn
Du kan søke på namnet på preparatet, til dømes Paracet eller Ibux.
Generisk namn
Du kan søke på verkestoffet, altså det generiske namnet. Då vil du få opp ei liste over alle legemidla som inneheld verkestoffet.
Legemiddelform
Du kan søke på legemiddelform, til dømes nasespray. Då vil du få opp alle nasesprayane som blir omtalte i Felleskatalogen.
Biverknader
Du kan søke på biverknader, til dømes kvalme. Då vil du få opp kva medisinar som kan forårsake kvalme.
ATC-nummer
På framsida i Felleskatalogen finn du eit ATC- register. Det er eit internasjonalt register som organiserer legemiddel i 14 hovudgrupper basert på mellom anna kva organ dei verkar på, til dømes hjarte og krinsløp. Alle legemiddel har eit ATC- nummer som er unikt for akkurat dette preparatet.
Strekkode
Du kan skanne ein strekkode på ei forpakning for å få opplysningar om legemiddelet.
Identifisering av tablettar
Denne funksjonen er eit hjelpemiddel for å identifisere ukjende kapslar og tablettar som du ikkje har forpakninga til. Du kan søkte på ulike kjenneteikn du finn på legemiddelet, som til dømes storleik, delestrek eller bokstavar og tal.

Utfordringar til deg

  1. Forklar for ein medelev kva eit legemiddel er. Bruk dine eigne ord.

  2. Kva er forskjellen mellom preparatnamn og generisk namn?

  3. Korleis trur du at du kan bruke Felleskatalogen i det framtidige yrket ditt?

Kjelder

Direktoratet for medisinske produkter. (u.å.). Definisjon på ulike typer legemiddel.
https://www.dmp.no/godkjenning/klassifisering/definisjon-pa-ulike-typer-legemiddel#Legemiddeldefinisjon-174582

Direktoratet for medisinske produkter. (2025, 10. mars). Hva er byttbare legemidler.
https://www.dmp.no/offentlig-finansiering/medisinbytte-i-apotek/hva-er-byttbare-legemidler

Felleskatalogen. (2026). Om Felleskatalogen.
https://www.felleskatalogen.no/medisin/om-felleskatalogen

Legemiddelforskriften. (2009). Forskrift om legemidler til mennesker (FOR-2009-12-18-1839). Lovdata.
https://lovdata.no/forskrift/2009-12-18-1839

Legemiddelhåndboka. (u.å.). Forebyggende legemidler.
https://www.legemiddelhandboka.no/G27.2.2/Forebyggende_legemidler

Legemiddelhåndboka. (u.å.). Nødvendige legemidler.
https://www.legemiddelhandboka.no/G27.2.1/N%C3%B8dvendige_legemidler

Store medisinske leksikon. (2025, 18. februar). Legemidler.
https://sml.snl.no/legemidler

Store medisinske leksikon. (2025, 19. februar). Generisk bytte.
https://sml.snl.no/generisk_bytte

Store medisinske leksikon. (2025, 25. februar). Droger.
https://sml.snl.no/droge

Skrive av Kathrine Synnøve Karlsen.
Sist oppdatert 10.06.2026