Bli kjend med Repparfjorden

Aktiver førehandskunnskapen
Tenk gjennom eller diskuter kort i mindre grupper eller felles i klassen før de ser filmen: Kva veit de om Repparfjorden frå før?
Film: Bli med til Repparfjorden
Sjå filmen under (lengde 7:57) og bli kjend med nærområdet rundt Repparfjorden.
Interaktivt kart over Repparfjorden
Trykk på punkta i områda rundt Repparfjorden.
Det interaktive kartet er enklast å bruke om du opnar det i fullskjermvisning.
Spørsmål
Bruk filmen og kartet over til å svare på spørsmåla:
Korleis kan indre krefter ha forma landskapet rundt Repparfjorden gjennom millionar av år?
Kva naturressursar finst i og ved Repparfjorden?
Kvifor er kopar ein viktig mineralressurs for framtida?
Kva er Sápmi, og kva kjenneteiknar det samiske livsgrunnlaget?
Korleis kan utnytting av naturressursar bidra til busetjing i distrikta?
Kvifor har det oppstått interessekonfliktar i samband med ressursutnytting i og rundt Repparfjorden?