Hopp til innhald
Nynorsk

Munnleg case – Pulse

Her er eit forslag til ein førebuingsdel de kan bruke som øving til ein eventuell munnleg eksamen.

Retningslinjer for munnleg eksamen

To vyrkedagar før eksamen får du som elev vite om du er trekt ut i faget.

Munnleg eksamen er todelt og består av

  • Førebuingstid: 24 timar

  • Eksamenstid: inntil 30 minutt

På førebuingsdagen møter du på skulen og trekker ein førebuingsdel med case, relevante kompetansemål og vurderingskriterium. Du får ikkje få vite kva for spørsmål som vil bli stilte under sjølve eksamen. På førebuingsdagen er alle hjelpemiddel tillatne.

Du vel sjølv om du vil førebu ein presentasjon til eksamensdagen. Presentasjonen kan utgjere inntil 10 minutt av eksamenstida. Sjølve presentasjonen, som er laga i førebuingstida, inngår ikkje i vurderingsgrunnlaget på eksamen. Men kompetansen du viser munnleg gjennom ein presentasjon på eksamensdagen, blir vurdert saman med etterfølgande oppfølgingsspørsmål og fagsamtale.

Eksamenstida er inntil 30 minutt. På eksamensdagen kan du ta med notat frå førebuingsdagen og ulike hjelpemiddel som er relevante for å gjennomføre ein eventuell presentasjon. Fagsamtalen går føre seg utan hjelpemiddel og tek i hovudsak utgangspunkt i kompetansemål knytte til casen som er gitt i førebuingsdelen.

Grunnlaget for vurdering er kompetansemåla, som er oppgitte i førebuingsdelen, og vurderingskriterium. Karakteren skal vere ei heilskapsvurdering av kompetansen slik han kjem fram på eksamen.

Vurderingskriterium

Ta gjerne utgangspunkt i forslaget vårt til vurderingskriterium for lokalt gitt munnleg eksamen i marknadsføring og leiing 2.

Situasjonsbeskriving

PULSE er eit nytt treningssenterkonsept som er under utvikling, og som har ambisjonar om å utfordre og omdefinere kva trening betyr i dagens samfunn. I ei tid der både psykisk og fysisk helse er i fokus, ønsker PULSE å tilby eit heilskapleg og inkluderande tilbod som kombinerer fysisk aktivitet med forståing for mental helse, livsbalanse og personleg utvikling.

PULSE skal ikkje berre vere ein stad der folk kjem for å "trene kroppen", men eit rom for inspirasjon, refleksjon og fellesskap. Gründerane av PULSE ønsker å skape eit miljø der menneske kjenner seg sett, motivert og varetekne – både fysisk, mentalt og sosialt. I tillegg til tradisjonelle treningsformer skal senteret tilby tenester som

  • mentaltrening og coaching

  • mindfulness, yoga og stressmeistringskurs

  • workshops om søvn, kosthald og livsstil

  • foredrag og inspirasjonskveldar med fagpersonar og profilar innan mental helse

  • sosiale treffpunkt og samtalegrupper i uformelle settingar

Konseptet bygger på ei holistisk helsetilnærming, der fysisk aktivitet blir sett i samanheng med psykisk helse, sosial tilhøyrsel og personleg motivasjon. Treninga skal vere meiningsfull, ikkje berre målorientert. Dette skal speglast både i det fysiske lokalet, tenestene som blir tilbodne og i all kommunikasjon utetter.

I tillegg til opplysningane i situasjonsbeskrivinga ovanfor må du ta eigne føresetnader der du meiner det er nødvendig.

Kompetansemål

  • utvikle og vurdere visjoner, forretningsideer og overordnede mål

  • drøfte og begrunne ulike faktorer som påvirker målgruppevalg

  • bruke situasjonsanalyse og bransjeanalyse og vurdere markedsstrategiske beslutninger

  • utvikle merkevarestrategier og vurdere posisjonering i merkevarebygging

  • vurdere og utvikle kommunikasjonsstrategier, utforske dagsaktuelle kommunikasjonskanaler og planlegge mediemiks

  • vurdere hvordan virksomheter kan utvikle helhetlig markedsmiks, og utforske ulike metoder for å måle effekten av markedsføringstiltakene

Skrive av Elisabeth Thoresen Olseng.
Sist oppdatert 22.04.2025