Bli kjend med Loen

Aktiver førehandskunnskapen
Tenk gjennom eller diskuter kort i mindre grupper eller felles i klassen før de ser filmen: Kva veit de om Loen frå før? Er det ein eller liten stad? Korleis er naturen der? Kva trur de dei som bur der, lever av?
Film: Bli med til Loen
Sjå filmen under (lengde 4:22) og få ei omvising i Loen.
Interaktive bilete
Her kan du utforske Loen ved hjelp av 360-bilete. Det vil seie at du kan trykke i bileta og dra deg rundt, og du kan òg trykke på pilene for å utforske andre stader i Loen. 360-bileta fungerer best i fullskjermvisning.
Loen i 360
Kart frå Loen og områda rundt
Under er eit 3D-kart over Loen. Om du klikkar på bokmerket oppe i høgre hjørne, vil du finne nokre stader som er ekstra interessante for oss som er glade i geografi. Klikk deg gjennom og forsøk å ha spørsmålet "Kvifor er det slik akkurat her?" i bakhovudet mens du utforskar bygda og områda rundt.
3D-kart
Lausmassekart
Lausmassar kan seie oss noko om kva ytre krefter som har påverka eit område, og kva naturressursar vi kan finne og utnytte der. Bruk lausmassekartet til å utforske korleis Loen og områda rundt er danna. Trykk på "fullskjerm" i menyen for å opne kartet i fullskjermvisning.
For å få opp teiknforklaringa og informasjon om kva dei ulike fargane betyr, kan du opne menyen, finne kartlaget som heiter "Lømasser -oversikt", og trykke på i-symbolet. Grønt er morene, raudt er skredmateriale, lilla er forvitringsmateriale, og gult/oransje er elveavsetjingar.
Spørsmål
Bruk filmen, dei interaktive bileta og karta over til å svare på spørsmåla:
Klarer du å finne Jostedalsbreen på 3D-kartet under? Kva himmelretning er han i frå Loen sentrum – nord, sør, aust eller vest?
Sjå på lausmassekartet. Kva for ei ytre kraft har lagt igjen mest lausmassar i Loen og Lodalen?
Klikk deg rundt i dei interaktive bileta. Beskriv landskapet i Loen med nokre setningar. Er det flatt eller bratt? Er det fjord eller vatn der?
Sjå filmen og finn tre gode grunnar til å ha masseturisme i ei bygd som Loen, og finn tre grunnar til å ikkje ha det.