Observasjon

Observasjon som kvantitativ og kvalitativ metode
Observasjon kan brukast både som kvalitativ og kvantitativ metode. Viss du til dømes stiller deg opp ved kassa i ein butikk og tel kor mange av kundane som seier "hei" til den tilsette, får du data i form av tal. Då bruker du ein kvantitativ metode. Du kan til dømes dele inn tala etter kjønn og alder og sjå om det er nokon interessante forskjellar.
Viss du derimot noterer stikkord og beskrivingar av åtferda til kundane, er dataa dine tekst. Då bruker du ein kvalitativ metode. Fordelen med dette er at du kan plukke opp andre sider ved åtferda til kundane enn viss du berre tel kor mange som helser. Ulempa kan vere at det blir vanskelegare å vite kva du skal fokusere på, og korleis du skal analysere dataa dine etterpå.
Ulik grad av deltaking
Den fremste metoden til sosialantropologen er deltakande observasjon. Det betyr at ein sosialantropolog ofte både deltek i og observerer dei samfunna hen undersøker. Men av og til samlar forskaren òg inn informasjon gjennom observasjon åleine, utan å delta. Det er altså ulike gradar av deltaking.
Ikkje-deltaking
På dette nivået samhandlar ikkje forskaren med dei hen forskar på. Det kan handle om ein situasjon der deltaking er umogeleg, men der det likevel er interessant å observere på grunn av den kunnskapen ein kan hente ut av situasjonen. Ein forskar som studerer hjernekirurgar, har ikkje høve til aktiv deltaking, men må halde seg til ikkje-deltakande observasjon.
Ikkje-deltaking inneber at forskaren held seg til observasjon og merkar seg det hen ser. Det kan vere alt frå korleis aktørane oppfører seg, til den kjønnsmessige samansetjinga. På den måten kan ein lage eit generelt og oversiktleg bilete av det som skal undersøkast. Ein sosialantropolog kan til dømes opphalde seg blant tilskodarar på ein fotballkamp for å kartlegge åtferd blant fotballfans.
Moderat deltaking
Moderat deltaking oppstår når vi prøver å finne ein balanse mellom å vere på utsida og å vere på innsida. Forskaren ønsker med andre ord å variere mellom deltaking og observasjon. Viss vi vender tilbake til dømet med fotballfans, kan antropologen først observere åtferd og granske kulturelle reglar, for deretter å utføre dei saman med fotballtilhengarane. På den måten håper forskaren å få ei djupare innsikt i den kulturen som herskar blant tilhengarane.
Aktiv deltaking
Aktiv deltaking handlar om å gjere det forskingsobjekta gjer. Målet er mellom anna å lære dei kulturelle reglane for akseptabel og uakseptabel åtferd eller å få djupare innsikt i kvifor ei handling blir gjort. Ein sosialantropolog kan til dømes lære seg om den sosiale og kulturelle betydninga av merking av reinsdyr i samiske område ved sjølv å få opplæring og delta i merkinga. Vi kan òg studere sosiale situasjonar der vi allereie er vanlege deltakarar. Til dømes kan ein sosialantropolog som er oppteken av maratonløp, studere dei kulturelle reglane og sosiale fenomena innanfor dette miljøet.
Å forske på miljø der vi er naturlege deltakarar, kan ved første augekast verke som ei enkel oppgåve, men ofte viser det seg vanskeleg i praksis fordi vi må prøve å sjå vårt eige samfunn frå "utsida". Dette kan vere vanskeleg sidan vi ofte lir av "heimeblindskap" – nemleg at vi ikkje klarer å sjå dei kulturelle reglane som pregar det heimslege samfunnet. Det er ikkje utan grunn at antropologien vaks fram i studiet av ikkje-vestlege kulturar.
Feltarbeid
Sosialantropologar nyttar mange metodar for å opparbeide seg kunnskap om det samfunnet dei forskar på, men det er eit særtrekk som skil seg ut: Antropologar legg stor vekt på feltarbeid. Då oppheld dei seg i det miljøet dei skal studere.

Sosialantropologien deler mange av metodane sine med dei andre samfunnsvitskapane, men skil seg ut gjennom vektlegginga av feltarbeidet. For sosialantropologen er dette den viktigaste kjelda til kunnskap. Lengda på feltarbeidet kan variere, og det finst mange måtar å utføre det på. Det er avhengig av ulike sosialantropologiske retningar og individuelle forskjellar antropologar imellom. Likevel eksisterer det brei einigheit om at antropologar bør leve saman med forskingsobjekta i det samfunnet dei bur i.
Eit av måla er med andre ord å bli ein naturleg del av lokalmiljøet. På den måten vil antropologar lettare få tilgang til den informasjonen dei er ute etter. Det finst sjølvsagt ei rekke metodar forskarar bruker for å innhente den kunnskapen dei ønsker, og mange antropologar nyttar både formelle og uformelle teknikkar under feltarbeidet. Deltakande observasjon blir ofte brukt som eit omgrep for dei uformelle metodane antropologane tek i bruk under forskinga.
Den norske sosialantropologen Fredrik Barths feltarbeid hos Basseri-nomadane i Fars i Sør-Iran kan fungere som eit døme. Som ledd i forskinga vandra han i 1958 saman med nomadane over store avstandar. Han både deltok i og observerte dei sosiale aktivitetane til nomadane for å få eit så rett bilete av samfunnet og kulturen deira som han kunne.
På grunn av dei mange utfordringane ein kan bli stilt overfor, har fleire beskrive feltarbeidet som ein periode der ein blir som eit barn igjen. Feltarbeidaren må på ny lære seg dei ferdigheitene som trengst for å forstå og for å klare seg i samfunnet. Det spesielle med denne prosessen er at det er antropologen sjølv som er forskingsreiskapen. Han eller ho må delta for å lære.
Skjult eller open observasjon?
Skjult observasjon er undersøkingar der vertskap og forskingsobjekt ikkje er klar over at ein studerer dei. Denne typen observasjonar er vanlegvis ikkje rekna som etisk forsvarleg. Ein av grunnane er at forskarar ikkje skal gi seg ut for å vere noko anna enn det dei er. Det handlar med andre ord om forskingsetikk. Forskingsobjekta har rett til å nekte å bli utsette for studiar.
Forskaren må derfor innhente samtykke. Vertskapet skal både vite om og ha godkjent undersøkinga. Når det er gjort, kan vi utføre såkalla open observasjon.
Kva skal du observere?
Skal vi notere alt som skjer under ein observasjon, eller skal vi plukke ut nokre ting som vi har bestemt oss for på førehand?
Deskriptiv observasjon
Av og til er det nødvendig å skaffe seg eit overblikk over ein bestemd situasjon eller eit bestemt samfunn. Då må vi prøve å observere med eit breitt perspektiv. Dette blir kalla deskriptiv observasjon.
Forskarar som bruker deskriptiv observasjon, ønsker å dokumentere alt som skjer i ein viss sosial situasjon. Det betyr at antropologen ikkje nødvendigvis nærmar seg ein situasjon med spesifikke problemstillingar eller spørsmål. Målet er av meir generell art; formålet er å skaffe seg eit overblikk over den situasjonen ein er interessert i. Dette betyr at deskriptiv observasjon stort sett går ut på å få med seg så mykje som mogleg.

Fokuserte observasjonar
Fokuserte observasjonar handlar om å gå frå å observere heilskapen til å sjå etter noko spesifikt. Det dreier seg med andre ord om å undersøke nokre spesielle faktorar som kan gi eit meir fyldig bilete av den situasjonen antropologen studerer.
For å utføre denne typen observasjonar må du først lage nokre spørsmål knytte til det du skal sjå etter. Viss vi går tilbake til den første gruppa du observerte, kan slike spørsmål til dømes vere "Kven er leiaren i gruppa?", "Er det andre roller i gruppa?", "Kva for tema snakkar dei om?", eller "Kva er årsaka til at dei sit der dei sit?".
På denne måten blir det lettare å gjennomføre dei fokuserte observasjonane, nettopp fordi du har planlagt kva du skal sjå etter. Før du set i gang, kan det òg vere lurt å finne ein utkikkspost som gir deg den beste oversikta over situasjonen.