Hopp til innhald
Nynorsk

Å formulere mål

Har du nokon gong sett deg eit bestemt mål du vil jobbe mot? Konkrete målformuleringar kan gi oss ei klar retning for arbeidet vårt. Det same gjeld for verksemder, der ei felles målforståing er viktig for at dei tilsette skal jobbe i same retning.

Kvalitative og kvantitative mål

Vi kan skilje mellom to hovudtypar av mål:

  • kvalitative mål

  • kvantitative mål

Kvalitative mål er generelle mål som ikkje kan talfestast. Eit døme på eit kvalitativt mål kan vere at "Vi skal bli oppfatta som ei verksemd som fokuserer på berekraftig utvikling".

Kvantitative mål er konkrete og talfesta mål. Eit døme på eit kvantitativt mål kan vere at "Marknadsandelen vår skal aukast til 25 prosent i løpet av neste år".

Overordna mål

Overordna mål er langsiktige og strategiske, og måla er med på å realisere visjonen og forretningsideen for ei verksemd. Ei verksemd kan ha overordna mål på område som marknadsføring, produksjon, personale, IKT, forsking og utvikling. Desse måla kan vere kvalitative eller kvantitative. Eit overordna mål kan til dømes vere at "Verksemd x skal vere den største i bransjen målt i talet på kundar".

Marknadsmål

Marknadsmål er mål verksemda set for marknadsføringsarbeidet, med utgangspunkt i konkurransemidla produkt, distribusjon, pris, marknadskommunikasjon og eventuelt personale.

Smarte mål

For at marknadsmåla skal fungere som gode verktøy for verksemda, må det jobbast grundig med formuleringa av måla. Vi seier gjerne at måla skal vere "SMARTe".

SMART-modellen

S – spesifikke

M – målbare

A – attraktive

R – realistiske

T – tidsavgrensa


Døme på marknadsmål kan vere at

  • alle produkta våre skal innan år xx vere godkjent

  • innan fire år skal vi tilby heimkøyring til alle husstandar i Noreg

  • vi skal til kvar tid vere best på pris

  • vi skal kvart år skåre betre på kundane si evaluering av marknadskommunikasjonen vår

  • vi skal bli betre på kundeservice, med 95 prosent fornøgde kundar innan år xx

Skrive av Elisabeth Thoresen Olseng.
Sist oppdatert 20.01.2026