Fargeblyantar

Fordelar med fargeblyantar
Fargeblyantar er perfekte for å lage detaljerte teikningar. Dei er enkle å kontrollere når du vil fargelegge papir, og det blir lite søl samanlikna med måling eller pastellkrit. Det er òg lett å ta med seg fargeblyantar. Du treng ikkje noko ekstrautstyr.
Ulemper med fargeblyantar
Det kan vere tidkrevjande å oppnå sterke, metta fargar på større flater med fargeblyantar. Men har du tolmod og tek tida til hjelp, kan du få til uttrykk som er vanskelege å oppnå med andre teknikkar.
Spisse fargeblyantar gir best resultat. Sidan blyantspissane raskt blir slitne ned under bruk, må du kanskje spisse dei ofte. Då vil blyantane brukast fortare opp. Eit tips for å halde blyanten spiss, er å rotere blyanten slik at du bruker alle sider av blyantspissen mens du fargelegg.
Kva papir er best å bruke?
Vanleg teiknepapir fungerer godt. Det kan òg vere interessant å prøve ut akvarellpapir og farga papir. Papir som har litt tekstur, kan ta imot lag på lag med fargepigment. Fargelaga blir bygde varsamt opp i fleire rundar. Trykk ikkje for hardt med blyanten. Det glattar ut papiret og gjer at det ikkje kan ta imot meir pigment.
Nokre teknikkar du kan bruke
Du kan eksperimentere med ulike teknikkar og kombinasjonar av teknikkar. Her er nokre teknikkar du kan gjere deg kjend med.
Lag på lag med same farge
Dess fleire gonger du går over med fargeblyantane, dess djupare fargeflater kan du oppnå. Så lenge du ser at papiret skin gjennom, har du moglegheit for å gjere fargen endå kraftigare.

Lag på lag med ulike fargar
Du kan oppnå nye fargar ved å kombinere to eller fleire fargar. Det betyr at du kan komme langt med eit fargeblyantsett med til dømes tolv fargar.

Fargegradering
Har du to fargar som blir brukte kvar for seg, men som møtest og blir til ei blanding av begge, blir det kalla ei fargegradering. Der fargane møtest, må du bruke omtrent same mengde av begge fargane i lag over kvarandre. Skift mellom begge til det ser bra ut. Til dømes først blå, så fiolett, så blå igjen, så fiolett ...

Skravering
Du har sannsynlegvis jobba med skraveringar med vanlege gråblyantar. Same teknikk kan du bruke med fargeblyantar. Med skravering kan du oppnå både teksturar og nye fargeuttrykk. Bruker du to ulike fargar i same skravering, kan du oppnå fine effektar ved at fargane påverkar kvarandre

Stipling
Når du bruker blyantspissen til å lage små punkt som står tett i tett, kallar vi dette stipling. Dette er ein ekstra spennande teknikk å bruke med fargeblyantar som har ulike fargar. Når fargane står tett saman på denne måten, blir dei likevel blanda i auget vårt. På ein måte blir betraktaren med på å blande fargen og dette gjer noko med fargeopplevinga.

Skraping (sgraffito)
Når du bygger opp fleire lag med fargepigment på papiret, kan du bruke noko skarpt til å skrape fram laga under. Du kan òg skrape heilt ned til papiret. Dette gir ein effekt som du ikkje kan oppnå berre med fargeblyantane. Du bør eksperimentere ein del med dette før du bruker det som effekt i eit kunstverk.

Gni ut pigment
Du kan gni ut pigment på papiret for å få til ein mjuk kant og lysare valørar av ein farge. Du kan bruke dette som ein effekt som dannar bakgrunn for nye lag. Bruk ein serviett eller ein samankrølla papirbit til å gni ut pigmenta med.

Vassløyselege fargeblyantar
Nokre fargeblyantar er vassløyselege og kan brukast som ein type akvarellmåling. Her er to teknikkar du kan bruke desse på.
Løyse opp fargeflater med vatn
Bruk dei vassløyselege fargeblyantane på vanleg måte. Dette kan vere tjukke eller tynne lag med pigment. Bruk ein pensel med vatn til å løyse opp pigmentet. Det blir òg kalla lavering når du målar med pigment utblanda med vatn. Dette blir som å måle med fargen som allereie er på papiret. Du kan velje å bruke vassløyselege fargeblyantar på våte område. Du vil merke at desse løyser seg lettare opp enn med vanleg, tørr teknikk.

Fargeblyantspiss dyppa i vatn
Denne teknikken krev ingen pensel. Berre litt vatn som du kan dyppe fargeblyantspissane i, før du bruker dei på papiret. Pigmentet blir mjukt og set sterke spor på papiret.

Oppgåve
Prøv ut nokre av eller alle teknikkane som er beskrivne over. Har du ekstra tid, kan du teste ut kombinasjonar av teknikkar.