Nivå 3: Lag heilsetningar med setningsadverbial med lappemetoden
Del 1: Lag setningar med subjektet først
Skriv ut vedlegget under og klipp ut setningsledda. Sit i par.
Lag fem setningar med subjektet først i setninga.
Les setningane høgt i klassen. Diskuter om alle høyrest riktige ut.
- Lappemetoden nivå 3(DOCX)
Del 2: Lag setningar med adverbialet først
Hald fram med å jobbe i par og bruke lappane frå del 1.
Lag fire setningar med adverbialet først i setninga.
Les setningane høgt i klassen. Diskuter om alle høyrest riktige ut.
Del 3: Lag eigne lappar
Skriv ut vedlegget under. Jobb i grupper.
Skriv inn eigne ord på lappane. På dei blå lappane skal det vere eit subjekt. Då må du bruke eit substantiv eller eit personleg pronomen (han, ho, vi...). På dei oransje lappane skal det vere eit verb (hoppe, kjøpe, selje...), på dei lilla eit setningsadverbial (sjølvsagt, ikkje, faktisk, aldri, alltid...), på dei fiolette eit direkte objekt og på dei grøne eit setningsadverbial.
Byt lappar med ei anna gruppe. Klarer de å lage setningar?
Set dykk saman med gruppa de bytte med og diskuter om setningane de har laga, er riktige.
Del 4: Lag setningar med to verbal
Sit i par. Skriv ut vedlegget under og klipp ut setningsledda.
Lag fire setningar med to verbal og eit setningsadverbial.
Les setningane høgt i klassen. Diskuter om alle høyrest riktige ut.
Bruk dei same lappane til å lage tre setningar med tidsadverbialet først.
Ein frå kvar gruppe skriv ein av setningane sine på tavla. Diskuter i klassen om setningsledda står på riktig plass.
Del 5: Lag eigne lappar
Skriv ut fila under, klipp ut og skriv på eigne setningsledd.
Byt med ei annen gruppe og prøv å lage fire setningar av lappane dykkar.
Set dykk saman og samanlikn setningane de har laga. Spør læraren viss de er i tvil om dei er riktige.
Del 6: Gjer om til futurum
Setningane under står i preteritum. Gjer dei om til futurum ved å bruke hjelpeverbet "å skulle".
Eit døme:
Han kjøpte ikkje gåva på butikken.
Han skal ikkje kjøpe gåva på butikken.
Setningar:
Vi henta faktisk hunden i Trondheim.
Ho måla ikkje huset.
Barna spelte sjølvsagt fotball heile dagen.
Anna leste ikkje boka heime.
Eg vatna alltid plantene i stova.
Relatert innhald
Kvar skal setningsadverbialet stå i forteljande hovudsetningar?
Lær elevane å lage gode setningar på norsk med lappemetoden.