Korleis sitere og vise til kjelder?

Før du les
Desse fagomgrepa blir brukte og forklarte i løpet av teksten:
- Direkte sitat
- Direkte sitat er når du gir att noko akkurat slik det er sagt eller skrive.
- Indirekte sitat
- Indirekte sitat er når du gir att noko andre har sagt eller skrive, men ved å bruke dine eigne ord. Vi seier at vi refererer innhaldet.
- Kjelde
- Ei kjelde er ein stad du hentar informasjon frå. Det kan til dømes vere ei bok, ei nettside eller eit bilete.
- Kjeldeliste
- Ei kjeldeliste er ei oversikt over alle kjeldene som er brukt i ein tekst. Denne skal setjast opp på slutten av teksten.
Kva vil det seie å sitere?
Å sitere betyr at du gir att noko heilt ordrett, altså nøyaktig slik det er sagt eller skrive. Dette er eit døme på korleis ein siterer: Forfattaren William Shakespeare skriv i skodespelet Hamlet: "Å vere eller ikkje vere, det er spørsmålet."
Vi bruker gjerne sitat når det er ein definisjon eller ein påstand som vi vil diskutere i teksten vår. Fordi det ofte er viktig å vise akkurat kva ord forfattaren har valt, er det òg vanleg å sitere frå skjønnlitterære tekster.
Korleis sitere
Vi bruker hermeteikn til å markere at noko er eit sitat. I tillegg må vi få fram kven som har sagt dette og når. Her kan du sjå to døme på korleis du skal sitere:
Setninga "Du skal ikke tro at du er noe" er henta frå "Janteloven" i romanen En flyktning krysser sitt spor (1933) av Aksel Sandemose.
"Et sitat er en mindre del av en tekst som gjengis ordrett" (Persvold, 2021).
Du skal ikkje endre sitatet
I eit korrekt sitat må du ikkje endre på noko i sitatet. Det betyr til dømes at du verken skal rette opp i skrivefeil eller setje om sitatet. Bruker du eit anna språk i sitatet, til dømes engelsk, skal du skrive korleis du forstår det som står. Sjå korleis dette kan gjerast i dette dømet:
"All that glitters is not gold", sa den berømte forfattaren William Shakespeare (1598). Når han seier at ikkje alt som glitrar er gull, meiner han at vi kan bli lurt til å tru at noko er verdifullt berre fordi det er vakkert.
Kva vil det seie å referere?
Du kan gi att noko andre har sagt eller skrive, utan at det er ordrett. Det blir gjerne kalla eit "indirekte sitat" når du omformulerer og bruker eigne ord til å gi att.
Direkte sitat
"Eg er sint på Maria", sa Kim til meg i går.
I nyttårstalen sin 1. januar 1992 foreslo statsminister Gro Harlem Brundtland at vi burde få eit nytt slagord: "Det er typisk norsk å være god."
Indirekte sitat
I går sa Kim til meg at han var sint på Maria.
Gro Harlem Brundtland foreslo i nyttårstalen sin i 1992 eit nytt slagord som får fram at det er ein typisk norsk eigenskap å gjere det bra.
Kvifor skal vi vise til kjelder?
Det er vanleg å veksle mellom å sitere og referere til andre tekstar når vi skriv. Kvar gong vi har brukt noko som andre har sagt eller skrive, anten direkte (sitat) eller indirekte (referat), skal vi føre opp kjelda i teksten. Då kan lesaren lese heile teksten du har henta noko frå, og sjekke at det du har gitt att, er riktig.
Korleis vise til kjelder
Du bør vise til kjeldene både i teksten der du har brukt dei, men òg på slutten av teksten i ei kjeldeliste.
I døma under ser du litt ulike måtar å vise til kjelder i teksten på. Informasjonen kan stå i setninga med sitatet, eller han kan stå i ein parentes.
Vise til kjelde i tekst
Setninga "Du skal ikke tro at du er noe" er henta frå "Janteloven" i romanen En flyktning krysser sitt spor av (1933) av Aksel Sandemose.
"Et sitat er en mindre del av en tekst som gjengis ordrett" (Persvold, 2021).
Lag kjeldeliste
I tillegg skal du lage kjeldeliste. I kjeldelista står all informasjonen som trengst for å finne igjen kjeldene du har brukt. Kvar kjelde skal stå for seg, rett under kvarandre.
Ei kjeldeliste til ein tekst som inneheld dei to sitata over, vil sjå slik ut:
Kjeldeliste
Sandemose, A. (1933). En flyktning krysser sitt spor. Tiden norsk forlag.
Persvold, A. Z. (2021, 8. november). Sitat. I Store norske leksikon. https://snl.no/sitat
Meir om kjeldeføring
Det viktigaste du skal tenke på, er at den som les teksten din, kan finne igjen kjelda. Vil du lære meir om korleis ulike kjelder skal førast, kan du sjå døme på Kildekompasset.