Hopp til innhald

Språk, kultur og identitet

Språket vårt er både forma av og ein del av kulturen vår. Og dialekten din og orda du vel, heng saman med kven du er – og vil vere. Du har kanskje høyrt dette før, men kva betyr det eigentleg?
Video: Filmkonsulentene / CC BY-NC-SA 4.0

Særlig gjennom mine barn blir jeg påminnet om gaven hjertespråket er. Det gir dem tilgang på visdommen og hemmelighetene som ligger gjemt i ordene. Språket er identitet, kultur og fellesskap.

Vibeke Larsen, sametingspresident 2016–2017 (Måsø og Verstad, 2017)

Språk og kultur

Språket du snakkar og les, har utvikla seg gjennom tusenvis av år og er påverka av historie, geografi, religion og kultur. Dei norske dialektane seier noko om tradisjonar, busetjing og kommunikasjonsvegar. Lånorda i norsk er leivningar etter kulturmøte og kontakt med andre språk, og situasjonen i Noreg med to skriftspråk seier mykje om norske idéar og verdiar både før og no. Kulturen vår blir skapt og forma kontinuerleg av det vi seier, og det vi skriv. Språket bruker vi i alt frå samtaler, meldingar og avisartiklar til musikk, litteratur, film og kunst. Dermed er ikkje språket berre påverka av kulturen, språket er kultur.

Språket tilhøyrer alle

Den norske språklova som tredde i kraft i 2021, legg særleg vekt på å verne norsk som samfunnsberande nasjonalspråk, og at eit felles språk er viktig for demokratiet ved at alle skal kunne delta i samfunnet og ha tilgang til goda i samfunnet. Samtidig skal vi verne om det språklege mangfaldet med ulike språk og dialektar, og vi skal jobbe for høg toleranse for språklege forskjellar.

Tenk over:

Når du tenkjer, kva språk tenkjer du med? Og med kva dialekt?

Språk og identitet

Er du nordmann, senegalesar eller norsk-senegalesar? Er du vestlending eller trønder? Og er du frå bygda eller byen? Tilhøyrer du ei sosial lågstatusgruppe eller høgstatusgruppe? Snakk du den lokale dialekten, eller har du lagt han frå deg til fordel for noko anna? Eller kanskje du er ein ?

Språket er ein identitetsmarkør

Vi seier at språket er ein identitetsmarkør. Det betyr at språket vi snakkar, og måten vi bruker det på, kan avsløre kven vi er, kven vi ønskjer å vere, kva kultur vi er ein del av, og kva for nokre sosiale grupper vi høyrer til eller identifiserer oss med.

Språket er knytt både til personleg og sosial identitet. Personleg identitet er det som gjer deg unik og skil deg frå andre menneske. Sosial identitet er den identiteten du deler med fleire andre menneske i fellesskap, som til dømes ei sosial gruppe, ein kultur, ein by eller stad, ein etnisitet eller ein nasjon.

I klippet under møte vi osloguten Lars Monsen, som nærast har vakse opp i naturen, og bærumsguten Jon Almaas, som er eit skikkeleg bymenneske. Kan du høyre det i måten dei snakkar på?

Førstespråket

Du blei fødd med evna til å lære språk, men språket måtte du lære. Det første språket du lærer, kallar vi ofte for morsmålet. Språket og dialekten vi veks opp med, sit djupt i oss, og det blir ofte omtalt som "hjartespråket". Det er gjennom dette språket vi har utvikla evna til å tenkje, kjenne, reflektere, vurdere, forstå og kommunisere – å bli menneske, rett og slett. Akkurat som barndommen og oppveksten blir med oss for alltid og formar identiteten vår, er dialekten vi vaks opp med, gjerne ekstra viktig. Har du kalla deg sjølv "je" heile livet, kan det kjennest framandt å seie "eg", "i" eller "æ".

Identiteten er ikkje statisk

Sjølv om språket og dialekten du vaks opp med, gjerne har stor innverknad for korleis du snakkar seinare i livet, kan språket endre seg i takt med at du endrar deg. Nye menneske og miljø du kjem i kontakt med når du utdannar deg, får deg jobb og nye interesser og kanskje flyttar frå staden du vaks opp, vil mest sannsynleg påverke språket ditt. Det gjeld både dialekt, ordtilfang og stilnivå. Det er til dømes vanleg at ungdommar bruker slang som markerer avstand til generasjonane over seg. Samtidig klarer dei fleste å tilpasse språket til ulike situasjonar og til ulike roller dei har. Du snakkar sannsynlegvis annleis med bestemor enn med bestevennen, og ganske ulikt til sjefen din enn til kjærasten din.

Språklege tilpassingsstrategiar

Konvergens

Når vi snakkar med nokon som har eit anna språk eller ein annan dialekt, tilpassar vi ofte språket ved å snakke likare den vi snakkar med. På fagspråket heiter dette "å konvergere", som betyr "å nærme seg kvarandre". Dette skjer ofte heilt umedvite, og hensikta kan vere å kommunisere betre og å signalisere at vi er positivt innstilte til den vi snakkar med.

Ein annan grunn til å konvergere heng saman med språket som identitetsmarkør. Vi nærmar oss språket til den vi snakkar med, fordi vi identifiserer oss med personen eller det fellesskapet eller kulturen personen tilhøyrer. Til dømes er det mange som flyttar frå bygda inn til byen, som legg frå seg dialekttrekk til fordel for trekk frå dialekten i byen dei flyttar til. Når dei kjem heim på juleferie og møter familie, venner og miljøet frå barndommen, kjem morsmålsdialekten snikande tilbake.

Divergens

Ein annan strategi vi bruker for å uttrykkje identitet og vise tilhøyrsel, er å gjere det motsette, nemleg å halde på dei språklege forskjellane mellom oss sjølv og den vi snakkar med – eller til og med gjere forskjellane endå større. Formålet er å vise avstand, at du ikkje identifiserer deg med den du snakkar med, eller den gruppa eller kulturen hen høyrer til i. Det er til dømes mange som flyttar til byen og held hardt på dialekten sin. Kanskje er heimstadsidentiteten deira sterk, og kanskje dei ser for seg å flytte heim igjen innan kort tid. Andre legg kanskje frå seg dialekten sin allereie før dei flyttar ut, som eit teikn på at dei identifiserer seg med noko anna enn heimstaden sin.

Men språket mitt får du aldri

I klippet under (frå 16:22 til 20:49) møter vi Roger frå Bergen. Han kjenner seg som ein vaskeekte bergensar, men det er berre eitt lite "problem" – han snakkar austlandsk.

Etter filmklippet:

Kan du bruke noko av det du har lese til no, til å forklare Roger sin situasjon?

Identitet og prestisje

Det er vanleg at dei som ønskjer å oppnå høgare status i samfunnet, kulturen eller gruppa, legg seg nærare det språket som vil hjelpe dei å nå det målet. Slike språk kallar vi prestisjespråk. Ofte er det standardtalespråket, skriftspråksuttalen eller hovudstadsspråket i landet som har prestisje, mens lokale dialektar og visse sosiolektar blir sett som lågstatusspråk. Mange standardiserer språket sitt i formelle situasjonar, og unge tilpassar gjerne språket når dei snakkar med besteforeldra sine. Det er likevel stor toleranse for å bruke geolekt i alle situasjonar i Noreg, sjølv om nokre geolektar opplever å ha høgare status enn andre.

Identitet og solidaritet

Men det er ikkje sånn at alle søkjer status og prestisje. Bruk av lokale dialektformer og lågstatusformer kan også vere eit uttrykk for solidaritet. Det kan vise at du identifiserer deg med og kjenner samhald med eit geografisk område eller ei sosial gruppe. Kanskje du beheld dialekten din sjølv om du flyttar til byen eller eit anna dialektområde.

Særleg ungdom bruker ofte eit språk som ikkje blir rekna som prestisjespråk i samfunnet elles, og dei blir ofte sterkare påverka av det folkelege byspråket med lågare status enn det tradisjonelle skriftspråksnære prestisjespråket. Ungdom vil også ofte divergere i møte med vaksne for å markere avstand til foreldregenerasjonen.

Når identiteten er trua

Når andre kjenneteikn på at vi høyrer til ein bestemd kultur, blir borte, blir språket gjerne endå viktigare som identitetsmarkør. Mange samar, kvenar, rom og romani er opptekne av å bruke og verne språket, og desse minoritetsspråka er ekstra verna gjennom norsk lov. Behovet for språkleg identitet finn vi også i andre minoritetsgrupper. Mange foreldre med innvandrarbakgrunn synest det er viktig at barna deira lærer eller språket til foreldra eller besteforeldra i tillegg til norsk for å verne den delen av identiteten deira.

Det er ei viktig samfunnsoppgåve å verne om moglegheita for minoritetar til å finne og uttrykkje kulturen og identiteten sin gjennom språket, men samtidig sørgje for at alle også finn ein felles norsk identitet i det norske språket.

Under møter du Biru Baby. Då ho fann ut at ho var samisk, kjendest det naturleg å lære seg det samiske språket.

Tenk over:

Veit du om andre små eller store grupper i samfunnet der språket og måten dei snakkar på, verkar å bety ekstra mykje for identiteten deira?

Kva skjer med norsk språk, kultur og identitet i framtida?

Vi har sett at vi uttrykkjer og utviklar både den personlege og kulturelle identiteten vår gjennom språket. No lever vi i ei tid med store språklege og kulturelle endringar. Kva er det som skjer, kvifor skjer det, og kva konsekvensar har det for språket vårt, kulturen vår og identiteten vår?

Det er vanskeleg å svare sikkert på dette store spørsmålet om framtida. Det einaste vi kan fastslå, er at språket vi bruker, speglar kva vi tenkjer og er opptekne av, både som enkeltindivid og som samfunn, og at språket heilt sikkert vil endre seg.

Kjelder

Bull, T. (2020). Språk og identitet. Henta frå: https://spraakspalten.salaby.no/2020/03/25/sprak-og-identitet/ (mai, 2022)

Måsø, N. H. og Verstad, A. B. (2017). For første gang i historien blir nyttårstalen ikke holdt på samisk. Henta frå: https://www.nrk.no/sapmi/for-forste-gang-i-historien-blir-nyttarstalen-ikke-holdt-pa-samisk-1.13290446 (mai, 2022)

Torp, A. og Vikør, L. (2014). Hovuddrag i norsk språkhistorie. Gyldendal akademisk. Oslo.

Skrive av Christian Lund og Marthe Johanne Moe.
Sist fagleg oppdatert 30.04.2022