Tidsmaskina - NDLA

Hopp til innhald

Tidsmaskina

Bli med på ei reise i historia. Her er ulike forteljingar vovne inn i kvarandre. Klarer du å komme tilbake til notida og sjå samanhengane?

Sjå gjerne videoen under om hittebarnet Cathrine som innleiing til Tidsmaskina.

Video: Jarle Sten Olsen / CC BY-ND 4.0

Instruksjonar til Tidsmaskina

Tidsmaskina er eit slags digitalt escape room, eller på norsk: kodekammer. Det fungerer litt annleis enn tradisjonelle kodekammer. Her får de lov til å "jukse" så mykje de vil. Det kan vere lurt å vere to eller tre som speler saman. Éin har Tidsmaskina på skjermen sin, mens dei andre kan søke etter informasjon på eigen PC eller mobil. Det kan også vere lurt om gruppene spreier seg litt rundt, sidan spelet er best med lyden på.

Målet med spelet

I Tidsmaskina skal de finne ut kva år de har komme til. Undersøk rommet og bruk informasjon på nett eller i bøker for å fastsetje årstalet. Årstalet skal plottast inn i Tidsmaskina, som står i naborommet i spelet. I det siste rommet er det ein annan type oppgåve. Sjekk Tidsmaskina igjen for å få hjelp til den siste oppgåva.

Tips: Viss du til dømes finn ei bok frå 1952, betyr ikkje det at du har komme til 1952. Det betyr berre at det ikkje kan vere tidlegare enn 1952. Bruk rettesnorene i rommet til å snevre inn det moglege tidsrommet.

Etterarbeid

Undervegs følger de nokre personlege historier. Det er eitt tema som går igjen i dei. Når de er ferdige med spelet, skal de jobbe vidare med å utforske dei ulike historiene de har møtt på tidsreisa. Til slutt kan de også bruke nokre av temaa frå Tidsmaskina som utgangspunkt for vidare utforsking. De finn informasjon om dette under spelet.

God tur!

Spel Tidsmaskina

Tips til spelet
  • Spel i fullskjermmodus.

  • Spelet er eit kodekammer (escape room). Det vil seie at du må løyse nokre oppgåver og finne eit kodeord for å komme deg vidare i spelet.

  • Det kan gøyme seg informasjon mange stader i rommet. Legg merke til når musepeikaren går frå å vere ei open hand (🤚) til å peike(👆). Då kan du klikke.

  • Du kan velje å ha på lyd. Den slår du på nede i venstre hjørne (🔊).

  • Det kan vere lurt å opne videoar i fullskjermmodus òg. Videoane blir lukka igjen ved at du klikkar på knappen nede til høgre.

Lærarrettleiing

Ønsker du å få tilsendt lærarrettleiing? Skriv til oss på hjelp@ndla.no.

Puslespel: undersøk historiene

I denne oppgåva skal de pusle saman brikkene i dei ulike historiene og finne samanhengen mellom dei. De skal bruke ein puslespelmetode som blir forklart undervegs.

Førebuingar

  • Del dykk inn i basisgrupper på fire elevar. Viss det ikkje går opp, kan de vere fem på nokre av gruppene. Då må to elevar på desse gruppene jobbe med same person.

  • Fordel personane under på medlemmene i gruppa. Gruppemedlemmene skal no bli ekspertar på kvar sin person frå Tidsmaskina.

Person 1: Anna Olsen

For Anna Olsen er det det første og det siste rommet som er relevant. I tillegg treng du informasjon om abortlovgivinga i Noreg.

Finn ut:

  • Kva har skjedd med Anna i det første rommet?

  • Basert på det siste rommet: Kva skjer vidare med Anna?

  • Kva var ein mødreheim?

  • Kva var ei abortnemnd?

  • Kva er illegal abort, og kvifor var dette eit viktig argument i abortkampen?

  • Korleis har abortlova endra seg fram til i dag?

  • Kva hadde vore annleis dersom dette hadde skjedd i 1950 eller i 1980?

Person 2: Fredrikke Marie Sehested

Kjelder

For Fredrikke Marie Sehested er det rom nummer to som er mest relevant. I tillegg bør du lese brevet i skuffa i det første rommet.

Du finn heile forteljinga om Fredrikke og dotter hennar "Hittebarnet Cathrine" i det lokalhistoriske tidsskriftet Runar på slektogdata.no

Finn ut:

  • Kva har skjedd med Cathrine, barnet i rom to?

  • Kva betyr det at eit barn er "uekte"?

  • Kva er bakgrunnen for at Cathrines mor, Fredrikke, ikkje kunne behalde barnet sitt?

  • Kva rolle speler sosial status i denne historia?

  • Cathrine vart også gravid utan å vere gift. Ho var ikkje adeleg, som den biologiske mora si, men av vanleg bondeslekt. Kva var vanleg å gjere for "vanlege folk" på denne tida dersom dei vart gravide utan å vere gifte?

  • Etter at Fredrikke døydde og Cathrine fekk vite om den adelege bakgrunnen sin, fekk ho ei dotter som ho kalla Fredrikke Marie. Kva trur du kan vere bakgrunnen for det namnevalet?

Person 3: Celestine Gyldenstjerne

Kjelder

Rom tre og fire, dei to kjellarromma, er viktige for å forstå Celestines historie. Du kan finne fleire versjonar av historia viss du søker på "Celestine Gyldenstjerne". Desse artiklane er også nyttige:

Finn ut:

  • Kva har skjedd med Celestine?

  • Les brevet på benken i rom nummer tre. Dette er utdrag frå eit faktisk brev frå teologen Peder Palladius til Mogens Gyldenstjerne. Vi veit ikkje om brevet handlar om Celestine, men det handlar om ei sak som kan likne på Celestines situasjon. Kan du forstå kva brevet handlar om?

  • Kven var Celestines far Mogens Gyldenstierne?

  • Korleis kunne Mogens gjere noko så forferdeleg mot dotter si og det kommande barnebarnet sitt? Stikkord: status, ære, religion, politisk uro og patriarkatets tidsalder.

Person 4: Anna Rogstad

Kjelder

Anna Rogstad speler ei rolle både i rom fire og fem, men her må du støtte deg mest på andre kjelder. Det finst mykje informasjon om henne på nett.

I artikkelen Kvinnekamp gjennom 1800-tallet kan du lese meir generelt om tida fram til kvinnene fekk stemmerett i 1913.

Finn ut:

  • Kven var Anna Rogstad?

  • Korleis og når byrja kampen for kvinners stemmerett?

  • Kva parti og grupper i samfunnet var for kvinners stemmerett, og kven var mot?

  • Kva var argumenta for og mot kvinners stemmerett?

  • Kva andre grupper i samfunnet hadde ikkje stemmerett på byrjinga av 1900-talet?

  • Kva for andre saker kjempa kvinner for på Anna Rogstads tid?

Individuelt arbeid

Jobb individuelt i 20 minutt. Fordjup deg i dei oppgitte kjeldene og svar på spørsmåla under personen din. Bruk gjerne andre ressursar òg.

Ekspertgrupper

Sett dykk saman i ekspertgrupper og jobb saman i 10 minutt. Dei som har fordjupa seg i same person, skal no sitje saman. Del det de har funne ut. Hjelp kvarandre til å forstå og bli einige om kva som er viktigast. Førebu dykk på korleis temaa dykkar skal presenterast for basisgruppa.

Deling og diskusjon

Sett dykk tilbake i basisgruppene, og presenter for kvarandre det de har funne ut. Presenter i rett rekkefølge. Kvar ekspert får 4–5 minutt til å presentere.

Diskuter i gruppa. Bruk 3–4 minutt på kvart spørsmål:

  1. Kva er hovudtema for Tidsmaskina, trur de?

  2. På kva måte er personane i Tidsmaskina knytte til kvarandre? Er det fleire ting som bind dei saman?

  3. Kva er dei viktigaste historiske endringane som kjem fram i Tidsmaskina?

  4. Kva viser Tidsmaskina om betydninga av sosial status?

  5. Anna Rogstad var første kvinne på Stortinget. Kva andre roller har kvinner måtta kjempe for å få tilgang til? Hint: Ei av dei er nemnde i Tidsmaskina.

  6. Kva andre grupper enn kvinner har måtta kjempe for myndiggjering og rettar i norsk historie? Hint: Her er også ei nemnd i Tidsmaskina.

  7. Korleis kan personlege forteljingar gi eit anna perspektiv på historia enn vanlege historiebøker?

Tips til vidare utforsking

Tidsmaskina kan vere eit fint utgangspunkt for utforsking. Her er nokre forlag til tema de kan utforske vidare:

  • "ekte" og "uekte" barn

  • graviditet, giftarmål, ære og skam

  • dei Castbergske barnelovene

  • abortsaka

  • mødreheim

  • kampen for kvinners rettar

  • kampen for rettane til homofile

  • kvinnelege prestar

  • kvinner i politikken

Relatert innhald

Skrive av Eivind Sehested Zakariassen.
Sist fagleg oppdatert 06.09.2022