Dramaturgi i dokumentarar

Dramaturgi kan brukast i alle typar medieproduksjonar, også dokumentarproduksjonar, for å bygge opp og skape driv i ei forteljing. Her er nokre dramaturgiske grep som vi ofte finn i lyd- eller videoproduksjonar om faktiske hendingar og personar.
Lag eit anslag som gjer inntrykk
Akkurat som spelefilmregissøren ønsker også dokumentarskaparen å fange interessa vår med det same. Anslaget må sitte! Anslaget er den aller første delen av ei historie, det skal gjere publikum nygjerrige på kva som vil skje vidare i filmen eller lydforteljinga.
Døme
Filmskapar Michael Moore er ein av dei som lagar slåande anslag. Anslaga hans er spekka med verkemiddel og viser tydeleg kva Moore vil med filmen.
Sjå anslaget (00:00–07:04) til Moores dokumentarfilm Fahrenheit 11/9 frå 2018.
Kven synest Moore er ein betre presidentkandidat for det amerikanske folket, Hillary Clinton eller Donald Trump?
Følg med på korleis bilete, lydar, fargar og sitat blir brukte til å understreke synet til filmskaparen.
Skap heltar og skurkar med aktantmodellen
Aktantmodellen blei utvikla av språk- og litteraturforskaren A. J. Greimas og beskriv den grunnleggande strukturen i forteljingar. Modellen kan også brukast til å strukturere ei dokumentarforteljing slik at ho får spenning og framdrift.
Aktantar
Ein aktant er ein handlande person (eller eit dyr, ein gjenstand osb.) med ein bestemd og nødvendig funksjon i forteljinga. Ifølge Greimas finst det seks ulike aktanter eller funksjonar: subjekt, objekt, hjelpar, motstandar, givar og mottakar.
Subjekt og objekt
I alle forteljingar finn vi eit subjekt som har eit ønske, behov eller begjær som hen prøver å få oppfylt. Det som subjektet ønsker seg, kallar vi objektet. Objektet kan vere ein konkret person, til dømes ein kjærast, men det kan også vere rikdom, status, rettferd, hemn osb. Forteljinga skildrar kva subjektet gjer for å få tak i objektet, og dette prosjektet til subjektet er kjernen i forteljinga.
Hjelpar og motstandar
Undervegs møter subjektet motstand, og dermed oppstår det ein konflikt. Motstandarane prøver å hindre subjektet i å nå målet, men det finst òg hjelparar som ønsker at subjektet skal lykkast.
Sendar og mottakar
Objektet som subjektet prøver å få tak i, er vanlegvis eigd av nokon andre. I eventyret er det til dømes kongen som "eig" prinsessa og som kan bestemme kven dotter hans skal få gifte seg med. Er subjektet på leiting etter rettferd, kan ein domstol eller NAV vere den som eig rettferda, og som kan gi ho til subjektet.
Når du lagar ein dokumentar, er det hovudpersonen som er subjektet eller helten i forteljinga di. Det er jobben din å gjere denne helten tydeleg for publikum og la dei få eit innblikk i hindringane hen må passere før hen når målet sitt.
Døme
Sjå gjerne nærare på korleis andre kjende forteljarar grip an saka. Journalist Siri Knudsen i NRK P3 lét seg til dømes inspirere av Asbjørnsen og Moe då ho jobba med radiodokumentaren sin om artisten Truls Heggero.
Den gode lydhistoria
Tekstversjon
Deltakar:Siri Knudsen(Det er òg brukt diverse lydklipp, mellom anna frå Ivo Caprinos film "Askeladden og de gode hjelperne", barne-tv-programmet "Så rart" med bamsen Teodor og dokumentaren Knudsen snakkar om.)
I det siste har eg funne mykje inspirasjon hos eit par karar som eg eigentleg ikkje har hatt eit forhold til sidan eg slutta på barneskulen, nemleg Asbjørnsen og Moe. Strengt teke er det ikkje dei to i seg sjølve som har inspirert meg, men eventyra dei samla inn …
(Eldre mann:) Ja, eg sit nettopp her og skriv ned eit eventyr.
… nemleg norske folkeeventyr, som blir fortalde minst like mykje i dag, og sannsynlegvis endå meir no enn då dei oppstod for fleire hundre år sidan.
(Eldre mann:) Så var det Per, Pål og Espen Oskeladd som ville prøve seg.
Grunnen til at desse eventyra ikkje har gått ut på dato, er sjølvsagt at dei er gode historier, og ikkje minst at dei er godt fortalde på ein måte som engasjerer dei som høyrer på.
(Barn:) Tenk halve kongeriket, då! Og så heile prinsessa!
Og det har eg altså latt meg inspirere av i det siste. Det er jo sjølvsagt ein god del ved eventyrforteljing ein ikkje bør la seg inspirere av som journalist. Til dømes meiner eg definitivt at ein ikkje bør starte nyheitssaker med:
(Eldre mann:) Det var ein gong ein konge.
Og i motsetning til i eventyra er det ein fordel at du som journalist faktisk fortel det som er sant.
(Monoton mannsstemme:) Det må vere sant fordi det har stått i avisene.
Men ein må hugse på at journalistikk handlar om historieforteljing. Då eg til dømes fekk i oppgåve å lage ein radiodokumentar for P3, sette eg meg ned og tenkte: "Kva er ei spennande og god historie som eg har lyst til å fortelje folk?" Då kom eg på Truls, som tidlegare var vokalist i indierockbandet Lukestar …
(Klipp frå Lukestars song "Flying Canoes":) If you save yourself …
… og som no hadde bestemt seg for å gå vidare som soloartist, og i ein heilt annan sjanger, nemleg RnB. Det var noko som veldig mange syntest var veldig rart …
(Bamsen Teodor:) Så rart!
… men han hadde bestemt seg for å gjere det uansett. Då har eg sjølvsagt helten min, sjølvaste Oskeladden, nemleg Truls.
(Truls Heggero:) Musikken min er ei form for kjærleik, formidla med tonar, så det er ei kjærleikserklæring til alle som høyrer.
Då er det viktig at han òg blir helten til alle som høyrer på, at ein verkeleg heiar på han.
(Truls Heggero:) Eg er så nervøs at eg er heilt frustrert. Eg veit ikkje kva eg seier og tenker.
Helten har sjølvsagt nokre gode medhjelparar, som i dette tilfellet er produsent Thomas Eriksen.
(Thomas Eriksen:) Første gongen eg høyrde stemma di, blei eg seld.
Helten vår har òg eit mål, nemleg at folk verkeleg skal elske den nye musikken hans, men for å lykkast må han gjennom ein del prøvingar. Han må mellom anna få låten sin inn på spelelistene til P3, og der kjem det første hinderet, i form av til dømes den skeptiske musikkprodusenten Wolfgang Wee.
(Wolfgang Wee:) Eg har aldri vore Lukestar-fan. Eg trur det aldri kjem til å bli favorittartisten min.
I tillegg må Truls òg overkomme den indre motstanden sin.
(Truls Heggero:) Sjølv om eg verkar sjølvsikker no, er det masse tvil inni meg, og eg lurer på masse ting.
Ikkje minst må Truls overtyde musikkbransjen på festivalen By:Larm, som er den verkeleg store prøvinga. Der skal han spele låtane sine live for aller første gong for eit spesielt vanskeleg publikum.
(Truls Heggero:) Eg veit at det kjem til å komme folk på konserten som ikkje er positive. No kjenner eg at eg er veldig, veldig nervøs, så nervøs som eg nesten ikkje har vore før.
Om det blir happy ending før …
(Eldre mann:) Snipp, snapp, snute, så er det eventyret ute!
Det kan du sjekke ut på p3.no/dokumentar.
Bygg spenning med Hollywood-modellen
Dokumentarskaparar lèt seg også inspirere av Hollywood-modellen når dei bygger opp forteljinga si. I denne modellen er historia delt opp i tre delar: Byrjinga skal skape interesse og la publikum bli kjende med personar og konflikt. I midtdelen blir konflikten trappa opp til spenninga når eit klimaks, og i sluttdelen finn konflikten si løysing og avslutning.
Lag samanheng med sirkeldramaturgi
Å bruke sirkeldramaturgi vil seie å binde starten saman med slutten. Denne typen dramaturgi blir gjerne nytta i dokumentarar med poetisk forteljemåte. Historia blir fortald utan lineær oppbygning, men held på interessa til publikum ved å ende opp der ho starta.
Skjul informasjon og varsle om det som kjem
Å halde tilbake informasjon for å gjere sjåaren nysgjerrig på det som vil skje vidare, er eit kjent grep frå spelefilmen. Også dokumentarskaparen vil til vanleg unngå at konklusjonen blir avslørt for tidleg, og hen redigerer oftast filmen slik at sjåaren alltid har noko å lure på. Men hen kan òg velje å legge inn små hint om det som kjem til å skje. Også dette grepet skaper forventningar hos sjåaren.
Relatert innhald
Få tips til korleis du kan bruke dramaturgiske grep for å få driv i forteljinga di.
Kjelder
Mæhlum, L. (2020, 28. desember). Aktantmodell. I Store norske leksikon. https://snl.no/aktantmodell
Olsen, M. & Schou, H. O. (Red.). (2022). Levende billeder. Grundbog i mediefag. Systime.