Hopp til innhald
Nynorsk
Video

Etiske dilemma i filmen iHuman

Presenter etiske problemstillingar i filmen og gjer greie for ditt eige syn på kunstig intelligens.

Sjå den norske dokumentarfilmen iHuman frå 2019 heime eller på skulen. Filmen tek opp etiske problemstillingar som oppstår når vi tek i bruk kunstig intelligens.

Vurder etiske sider ved kunstig intelligens

Eit etisk dilemma er ein situasjon der vi må gjennomføre val mellom to ubehagelege moglegheiter. Beskriv dei ulike etiske dilemmaa som filmen peikar på.

Er kunstig intelligens det beste eller det verste som har skjedd menneskja ?

Gjer greie for di oppfatning av dette. Bruk etiske omgrep og det du veit om bruk av kunstig intelligens i mediefagleg samanheng.

Relatert innhald

iHuman

iHuman er ein skremmande og belysande dokumentar om kunstig intelligens.

Skrive av Ragna Marie Tørdal.
Sist oppdatert 02.12.2021