Hopp til innhald

Årsaker til den franske revolusjonen

Før revolusjonen var Frankrike eit einevelde som bestod av tre stender med ulike rettar og pliktar. Årsaksforklaringar til den franske revolusjonen kan det vere føremålstenleg å dele inn i underliggjande og utløysande årsaker.

Underliggjande årsaker

Vi skal først sjå på ei rekkje underliggjande årsaker til den franske revolusjonen. Vi ser nærare på korleis det franske eineveldet var, og korleis standssamfunnet var bygd opp. Deretter tek vi for oss opplysingstida og inspirasjonen frå USA og den amerikanske grunnlova.

Eineveldet og standssamfunnet

Ideologisk var den franske revolusjonen eit oppgjer med det gamle standssamfunnet, som var prega av store forskjellar mellom folk, politisk, økonomisk og juridisk. Standssamfunnet hadde røter i det føydale systemet i mellomalderen.

Ludvig 14s utsegn "Staten, det er eg", kan illustrere det franske eineveldet. Kongen var innsett av Gud, og det føydale systemet i mellomalderen var ordna etter den eineveldige kongen og første- og andrestandens privilegium. 98 % av befolkninga utgjorde tredjestanden. Dei fleste av dei var bønder, men også byborgarane høyrde til her.

I dette systemet stod den "kongen av Guds nåde" over stendene.

Førstestanden - dei geistlege, Kyrkjas menn
Andrestanden - adelen, som til dømes godseigarar
Tredjestanden: bønder, handelsborgarar og anna bybefolkning


Dei to førstnemnde stendene hadde politiske, sosiale og økonomiske fordelar, såkalla privilegium, som gjekk i arv. Desse stendene hadde skattefritak, monopol på handel og andre fordelar i samfunnet. Dei to øvste stendene utgjorde til saman 2 % av befolkninga.

Tredjestanden var dei som betalte skattar og avgifter og måtte stille som soldatar i krigane til den eineveldige kongen.

Bøndene utgjorde den største delen av tredjestanden og var i stor grad underlagde adelege godseigarar. Adelen hadde einerett på jakt, på å drive møller, vedhogst og så vidare. Bøndene måtte betale føydalavgifter og hadde arbeidsplikt på godsa.

Den framveksande handelsborgarskapen i byane var viktig i tredjestanden. Sjølv om desse skapte store verdiar, hadde dei ingen reell politisk innverknad. Krava deira var meir politisk innverknad og eit konstitusjonelt monarki. I tillegg var dei imot økonomiske hindringar og for ein meir liberal handel. Mange av representantane frå tredjestanden til stenderforsamlinga i 1789 var utdanna juristar.

For fattige i byane var kritikken retta mot elendige levekår. Ved uår vart store grupper ramma av svolt. Blant dei fanst ei samansett gruppe kalla . Dei bestod av radikale, daglønte arbeidarar, handverkarar og småhandlarar, og skulle komme til å spele ei sentral rolle utover i revolusjonen.

Opplysingstid

Vitskapen og fornuftstenkinga som vart utforma på 1700-talet, utfordra standssamfunnet og det kongelege eineveldet i Frankrike.

Opplysingsfilosofane stilte krav om at styresettet skulle forankrast i naturrett og folkesuverenitet. Fram mot utbrotet av den franske revolusjonen i 1789 nådde desse ideane òg ut til folket i tredjestanden. Dei ønskte å gjere om idéane til politisk handling.

Inspirasjon frå USA

Kolonistane i USA beviste for Europa at krav om folkestyre og ei republikansk styreform var mogleg i opplysingstida. USAs grunnlov i 1787 hadde eit styresett basert på maktfordeling og gav kvite amerikanske menn ei rekkje individuelle fridommar.

Dei franske soldatane som var utkommanderte av den eineveldige kongen til å støtte frigjeringskampen til kolonistane mot britane, tok desse idéane med heim til Frankrike. Heim til ein eineveldig stat som hadde opparbeidd seg stor gjeld på grunn av krig, og luksus i øvre lag av befolkninga.

Utløysande årsaker

Vi skal no sjå på dei utløysande årsakene til den franske revolusjonen. Den økonomiske situasjonen var ei av dei viktigaste utløysande årsakene, slik også samlinga av stendene i mai 1789 var det.

Økonomi

Statsgjelda i Frankrike var stor etter den amerikanske frigjeringskrigen. Kongen prøvde å auke skattane, og for første gong skattleggje adelen. Adelen protesterte og forlangte at den gamle, føydale stenderforsamlinga skulle kallast inn. Ho hadde ikkje vore kalla inn sidan 1614.

Samtidig var det uår i jordbruket. Dette fekk konsekvensar for inntektene til bøndene og gjorde at brødprisane auka, noko som ramma ei fattig bybefolkning hardt.

Stenderforsamlinga

Då stenderforsamlinga vart samla i mai 1789, var forsamlinga splitta i ein sterk opposisjon mot det kongelege eineveldet, og ein svekt adel og geistlege som forsvarte privilegiesamfunnet.

I forkant av stenderforsamlinga reiste tredjestanden krav om at dei skulle få stille med like mange representantar som første- og andrestanden til saman. I forsøk på å vise seg som ein opplysingsmann valde kongen å oppfylle dette kravet.

I tillegg vart det strid om stemmefordelinga. Tredjestanden forlangte at ein skulle rekne røyster per hovud og ikkje for heile standen samla. Ein del liberale adelsmenn og fleire geistlege representantar støtta tredjestanden i dette kravet.

Revolusjonen bryt ut

Då tredjestanden, støtta av meir liberale adelsmenn og prestar, erklærte seg som ei nasjonalforsamling sommaren 1789, braut revolusjonen ut. I første omgang med stormen på Bastillen 14. juli. Ein konfrontasjon mellom dei revolusjonære, som stødde seg på nasjonalforsamlinga, og dei kongetru, som forsvarte eineveldet og privilegiesamfunnet, var i gang.

Relatert innhald

Skrive av Jan Erik Auen.
Sist fagleg oppdatert 09.12.2021