FNs berekraftsmål og dei ulike dimensjonane - NDLA

Hopp til innhald

FNs berekraftsmål og dei ulike dimensjonane

FNs berekraftsmål skal vere ei rettesnor for arbeidet verdssamfunnet skal gjere på dei tre områda klima og miljø, økonomi og sosiale forhold.

Kva er berekraftsmåla?

FNs berekraftsmål er ein felles arbeidsplan for å utrydde fattigdom, kjempe mot ulikskap og stoppe klimaendringane innan 2030.

Berekraftsmåla skal vise samanhengen mellom dei ulike utfordringane verdssamfunnet står overfor. Dei fortel oss om korleis vi må jobbe for å sikre ei god framtid for dei som kjem etter oss.

Det må jobbast på tre område, eller dimensjonar, for å skape ei berekraftig utvikling. Desse tre områda heng saman, og verdssamfunnet må jobbe saman for at vi skal få bukt med dei ulike utfordringane.

Dei tre dimensjonane er

  • klima og miljø

  • økonomi

  • sosiale forhold

Miljødimensjonen

Miljødimensjonen av berekraftig utvikling handlar om å ta vare på naturen og klimaet som ein fornybar ressurs for menneske.

Livsgrunnlaget til menneske er heilt avhengig av naturen. Måten vi bruker naturen på i dag, har store konsekvensar for både natur og menneske. Klimagassutsleppa våre varmar opp havet og lufta, øydelegg heile økosystem og bidreg til at artar blir utrydda for godt. Det kan gjere oss meir sårbare for naturkatastrofar, truar levebrødet vårt og kan gi grobotn for konfliktar i kampen om naturressursar.

Den økonomiske dimensjonen

Den økonomiske dimensjonen av berekraftig utvikling handlar om å sikre økonomisk tryggleik for menneske og samfunn.

Fattigdom og ulikskap er ei kjelde til uro og splitting i befolkninga og kan gi grobotn til konflikt og politiske opprør. Dette truar ei berekraftig utvikling. Jamnare fordeling av ressursar og god og trygg tilgang på offentlege tenester, som helse og utdanning, er viktige føresetnader for eit fredeleg og rettferdig samfunn.

Den økonomiske dimensjonen handlar òg om at vi må endre måten vi bruker ressursane våre på for å få ei berekraftig utvikling. Viss alle menneske på jorda skulle ha hatt det same forbruket som menneske i Noreg, måtte vi ha hatt 3,6 jordklodar.

Økonomisk vekst er viktig, særleg for fattige land, slik at det kan skapast nye arbeidsplassar og skatteinntekter for å betale for velferdstenester som skule og sjukehus. Det er viktig at denne veksten er berekraftig, eller såkalla grøn.

Den sosiale dimensjonen

Den sosiale delen av berekraftig utvikling handlar om å sikre at alle menneske får eit godt og rettferdig grunnlag for eit anstendig liv. Sosiale forhold seier noko om korleis menneske har det i eit samfunn, om dei får oppfylt rettane sine, og om dei har moglegheit til å påverke eigne liv og samfunnet.

Befolkningsvekst skaper økt press på naturressursane. Fattigdom er både ei årsak til og ein konsekvens av befolkningsvekst. Reduksjon av fattigdom og auka tilgang til utdanning for kvinner har ført til at kvinner får færre barn enn før. Det å investere i utdanning er derfor noko av det viktigaste vi kan gjere for å redusere fattigdom, bidra til demokratiutvikling og sørgje for ei positiv utvikling.

Skrive av FN-sambandet og Inga Berntsen Rudi.
Sist fagleg oppdatert 20.05.2021