Tekstar for ulike kommunikasjonssituasjonar - NDLA

Hopp til innhald

Tekstar for ulike kommunikasjonssituasjonar

Dei fleste av oss veit at det er stor forskjell på å skrive ein tale til ei gravferd og ein tale til eit bryllaup, sjølv om mottakarane kanskje er dei same. Kva må du tenkje på for å tilpasse tekstar til ulike kommunikasjonssituasjonar?

Situasjonskonteksten kan vere heilt avgjerande for korleis ein tekst blir oppfatta, derfor er det viktig å spørje seg kven teksten skal snakke til, kva som er føremålet med teksten, og kvar teksten skal framførast eller publiserast.

Når du stiller desse spørsmåla, blir du meir medviten om ulike faktorar som påverkar kommunikasjonen, slik at du kan tilpasse både form og innhald i tekstane dine til den konkrete kommunikasjonssituasjonen.

Tenk over / diskuter

Kor medviten er du om kven, kva og kvar når du skriv tekstar på skulen?

Kven

Når du lagar munnlege tekstar, som talar og presentasjonar, har du ein ganske god idé om kven publikummet eller mottakarane er. Då kan du tilpasse både forma og innhaldet til mottakarane.

Skriftlege tekstar som debattinnlegg og brev lever sitt eige liv etter at du har skrive, publisert og sendt dei. Du kan likevel tenkje deg ei målgruppe for teksten, samtidig som du uttrykkjer deg på ein måte som også folk utanfor målgruppa kan forstå.

Korleis når du best fram til mottakarane?

Når du veit kven mottakarane eller målgruppa er, kan du gjere val som gjeld kanal, form og innhald. Kva kanal eller kva medium som passar best til målgruppa di, kan handle om kva slags plattformer eller tekstar målgruppa er vand til å forhalde seg til. På sosiale medium kan du i teorien nå ut til svært mange, men det hjelper ikkje dersom målgruppa di ikkje bruker plattforma du har valt.

Det er òg lurt å tilpasse språk og uttrykksformer til mottakarane ved anten å spegle språket dei bruker, eller å velje ord og uttrykksformer du trur vil appellere til dei. For å nå tilfeldig forbipasserande er det lurt å bruke visuelle element som fangar merksemda. Skal du snakke til barn, treng du ikkje å spegle språket deira for å nå fram, men du vil ofte velje ein vennleg tone og eit forståeleg språk. Her får du bruk for kunnskap om språk, identitet og sosiale faktorar.

Roller og relasjonar

Roller og relasjonar kan òg påverke kommunikasjonen i tekstar. Kva er rolla di, og kva for eit forhold har du til dei teksten er retta mot? Har du makt og autoritet over dei du rettar deg mot? Om du er konfirmantleiar for ungdomsskuleelevar, vel du kanskje eit mindre formelt språk, men utan å banne og slurve, sidan du vil bli teken på alvor som leiar og vere ein språkleg rollemodell.

Kva slags førekunnskapar og haldningar har mottakarane?

Når det gjeld innhaldet, må du vurdere kva førekunnskapar eller haldningar målgruppa eller mottakarane har om temaet. Forstår mottakarane alle faguttrykka dine? Deler dei verdisynet ditt? Har dei tid eller tolmod til å høyre på deg i ein time?

Tenk over / diskuter

Korleis kan du tilpasse teksten til mottakarane om du skal informere bebuarar i nabolaget om eit russearrangement?

Kva

Kva er bodskapen din, og kva ønskjer du å oppnå med teksten? Er målet å informere om noko, å overtyde eller påverke mottakarane, eller skal du uttrykkje dine eigne kjensler og tankar? Kva føremålet er, legg nokre føringar for val av form, kanal, medium og innhald.

Tekstar som informerer

Om målet er å informere, bør du velje ein kanal eller eit medium med lite støy. Med ein skriftleg tekst er det lettare for mottakaren å hugse informasjonen som blir gitt, men blir det for mykje tekst, er det fare for at bodskapen ikkje blir oppfatta likevel. Språket bør vere klart og tydeleg, og teksten bør vere oversiktleg og ryddig slik at det er lett å hente ut informasjonen du vil formidle.

Tekstar som overtyder eller påverkar

Tekstar som skal overtyde, bør bruke argumentasjon og appellformer. Skal du appellere til kjensler eller fornuft? Kva for nokre gode argument støttar bodskapen din?

Nokre tekstar skal påverke og vere medmenneskelege, til dømes om du skal inspirere tilsette i ein vanskeleg situasjon. Då kan det vere best å formidle bodskapen ansikt til ansikt heller enn i form av eit brev, som kan bli upersonleg og markere avstand til dei tilsette. Det er òg viktig å vere medviten om kva relasjon du har til mottakarane. Om til dømes dei tilsette i ei bedrift ikkje har tillit til leiaren sin, kan det vere provoserande for dei om leiaren i ein tale ber dei om å stå saman og jobbe hardt.

Tekstar som skal uttrykkje kjensler og tankar

Om teksten din først og fremst har ein ekspressiv funksjon, der dine eigne tankar og kjensler står i fokus, bør du velje ei uttrykksform du meistrar godt. Uttrykkjer du deg best munnleg, skriftleg eller meir visuelt? Du bør òg vurdere situasjonen nøye. Skal du uttrykkje noko veldig personleg, må du velje ein kanal der bodskapen din berre når dei mottakarane du ønskjer å nå. Du må òg vere medviten om at ulike kulturar har ulike normer for kor personleg og privat det er vanleg å uttrykkje seg.

Tenk over / diskuter

Kva trur du er føremålet med den årlege nyttårstalen til statsministeren? Korleis er form, kanal og innhald tilpassa dette føremålet?

Kvar

Her må du spørje deg kvar folk skal lese eller sjå teksten. Skal teksten publiserast på YouTube eller i ei papiravis? Skal ho framførast utandørs i eit bråkete bymiljø, eller skal ho henge på veggen i eit skulebygg? Konkurrerer han om merksemda med mange andre tekstar på nett? Er du den tiande talaren på programmet? Slike faktorar påverkar korleis du får fram bodskapen din på best mogleg måte.

Kulturell kontekst

Du må òg spørje deg kva for ein kulturell kontekst teksten din skal forståast i. Dette handlar om kva som er aksepterte måtar å uttrykkje seg på for mottakarane eller målgruppa. Normene for kommunikasjon varierer mellom ulike grupper og samanhengar. Du kan få ein peikepinn på kva som gjeld, ved å lytte til eller observere korleis andre i denne konteksten kommuniserer.

Det er òg viktig å vite at kulturelle faktorar som verdsbilete, menneskesyn og kor direkte ein kan vere, varierer mellom kulturelle fellesskap. Om det er store forskjellar mellom din kultur og kulturen til mottakarane, må du ta i bruk det du kan om interkulturell kommunikasjon, når du utformar teksten.

Tenk over / diskuter:

Kva bør du tenkje over når du skal utvikle ulike tekstar til ulike kommunikasjonssituasjonar?

Skrive av Caroline Nesbø Baker.
Sist fagleg oppdatert 23.04.2021