Hopp til innhald

CRISPR dersom du får bestemme

Når du har sett deg inn i kva genredigeringsverktøyet CRISPR er, veit du kva for nokre enorme moglegheiter og utfordringar som finst. Kva ville du ha prioritert, og kva løyve synest du at lovverket bør opne for?

Forprosjekt: fordjuping og presentasjon i klassen

Føremål

Føremålet med forprosjektet er å få betre innsikt i moglegheiter, risiko og etiske spørsmål knytte til -teknologien.

Gruppeoppgåve

Dann grupper på 2–4 elevar. Diskuter dei ulike moglegheitene som genredigering gir, og vel eit forskingsprosjekt innan genredigering med CRISPR som de vil finne ut meir om.

Søk etter informasjon. Sjå tips til ressursar nedst på sida. Drøft i gruppa, og noter det som kan hjelpe resten av klassen med å få innsikt i det de har jobba med.

Presentasjon

Når de presenterer forprosjektet for klassen, må de reflektere over både moglegheitene som teknologien gir, risikoen han medfører, og etiske aspekt som er relevante. Bruk visuelle hjelpemiddel som plansje, animasjon, presentasjon eller liknande.

Når alle har fått innsikt i moglegheiter og utfordringar ved CRISPR-teknologien, kan de gjere oppgåva nedanfor og drøfte prioriteringar.

Relatert innhald

Fagstoff
Genredigering med CRISPR

Genredigering med CRISPR-metoden gjer det mogleg å gjere målretta endringar i DNA-et til alle levande organismar.

CC BY-SA 4.0Skrive av Kristin Bøhle.
Sist fagleg oppdatert 10.01.2021