Tillaging av elektroforesebuffer og agarose-gel - NDLA

Hopp til innhald

Tillaging av elektroforesebuffer og agarose-gel

Til forsøket om DNA-profilar treng de elektroforesebuffer og agarose-gel. Dette kan lagast eller kjøpast. Her er framgangsmåten for tillaging av elektroforesebuffer og agarose-gel.

Førebuing lærar (tidsbruk ca. 1 time)

Tillaging av elektroforesebuffer

Tillaging av TAE-elektroforesebuffer:

  1. Veg ut 242 gram Tris-base og 18,61 gram EDTA og løys dette i 0,5 l destillert vatn.
  2. Tilsett 57,1 ml iseddik.
  3. Fyll på med destillert vatn til totalt 1 liter.
  4. Bruk magnetrørar for å blande den konsentrerte løysinga (50 x).
  5. Fortynn den konsentrerte løysinga ved å ta ut 20 ml konsentrert elektroforesebuffer (blandingsforhold 49:1).
  6. Fyll på med destillert vatn til løysinga har eit totalvolum på 1 liter.
  7. Du har no laga ein fortynna TAE-elektroforesebuffer (1 x).

Oppbevaring: Etter bruk kan bufferen hellast på ein behaldar og brukast fleire gonger så lenge han blir halden rein.

Tillaging og støyping av agarose-gel

Prosentdelen agarose i gelen vil påverke resultatet. Til dette forsøket tilrår vi 0,8 % agarose (0,8 gram agarose per 100 ml elektroforesebuffer).

  1. Veg ut den ønskte mengda agarose. Dette kjem an på storleiken på støypekaret og kor mange gelar du ønskjer å lage. Ha agarosen i ein erlenmeyerkolbe og tilsett fortynna elektroforesebuffer.
  2. Kok opp under omrøring anten i vassbad eller i mikrobølgjeomn. Ved oppvarming i mikrobølgjeomn, køyr 1 min på høg effekt, ta ut og snurr på flaska for å blande løysinga, og køyr fleire gonger til all agarosen er smelta og du har ei klar løysing.
  3. La løysinga kjøle seg ned under omrøring til ca. 60 ℃. Pass på at ho ikkje byrjar å stivne.
  4. Hell agarose-løysinga over i støypekaret, sett i kammen og la gelen stivne i 20–30 minutt.

Oppbevaring: Viss du pakkar agarose-gelen inn i plastfolie, kan ho takast vare på 1–2 veker i kjøleskap. (OBS: Ikkje fjern kammen.)

Relatert innhald

Oppgåver og aktivitetar
Forsøk: DNA-profilar

Bli kjend med rettsgenetikk og undersøk korleis DNA-profilar blir brukte i farskapssaker eller i åstadsgransking.

Fagstoff
Rettsgenetikk

Rettsgenetikk handlar om oppfølgjing og analyse av biologiske spor knytte til straffesaker, fastsetjing av slektskap og personidentifikasjon.

Kilde

Skulelaboratoriet for biologi, Universitetet i Oslo (u.å). Agarose gel-elektroforese. Henta 25. oktober 2020 frå https://www.mn.uio.no/ibv/om/skolelab/nedlasting-av-undervisningsmateriell.html

Skrive av Skolelaboratoriet for biologi, UiO og Camilla Øvstebø.
Sist fagleg oppdatert 09.11.2020