Hopp til innhald
Nynorsk

Forsøk: Vi undersøkjer blodet

I dette forsøket skal vi undersøkje samansetninga til blodet og studere korleis blodceller oppfører seg i ulike miljø.

Forsøk med blod – sikkerheit

  • Elevane skal sitje åleine og berre jobbe med eigne blodprøver.
  • Bruk sterile blodlansettar eller blodstikkarar til eingongsbruk.
  • Læraren samlar inn glas og stikkreiskapar og forseglar dei i støytsikre merkte boksar, som deretter kan leverast på apotek eller til andre institusjonar som handterer avfall på ein forsvarleg måte.
  • Set plaster på stikket for å hindre blodsøl.
  • Blodsøl skal desinfiserast.
Meir om desinfeksjonsmiddel

Det er ikkje alle desinfeksjonsmiddel som drep virus.

  • Eit godkjent desinfeksjonsmiddel er Kloricid.
  • 70 % etanol (denaturert sprit / raudsprit) drep virus når blodsølet blir vaska bort mekanisk.
  • Konsentrert Klorin (handelsvare) fortynna med to delar vatn er òg eit virusdrepande middel, men det er ikkje eit godkjent desinfeksjonsmiddel.

Klorgass blir frigjord ved bruk av klorhaldige desinfeksjonsmiddel som Klorin og Kloricid.

Hensikt

I dette forsøket skal du studere samansetninga til blodet og undersøkje korleis blodcellene oppfører seg i ulike miljø.

Del 1: Undersøk samansetninga til blodet

  1. Stikk eit hol på sida av ein finger, og klem ut ein bloddrope.
  2. Plasser bloddropen på eit objektglas, og stryk han utover med eit anna objektglas. Bloddropen bør vere så tynn som mogleg. Legg over dekkglas. Dette kallar vi å lage eit mikroskopipreparat.
  3. Sjå på preparatet under mikroskop med låg forstørring. Auk deretter forstørringa. Dersom det blir for tett med celler, kan preparatet fortynnast med fysiologisk saltvatn.

    1. Kva ser du?

    2. Kan du sjå forskjellen på raude og kvite blodceller?

    3. Kan du sjå blodplater?

    4. Kva form har dei raude blodcellene?

Del 2: Undersøk blodcellene i ulike miljø

  1. Metta salt-løysning: Tilsett nokre dropar metta salt-løysning ved kanten av dekkglaset. Bruk eventuelt filterpapir for å trekkje saltløysninga inn i preparatet. Observer kva som skjer.
  2. Reint vatn: Lag eit nytt mikroskopipreparat, og tilset reint vatn ved kanten av dekkglaset. Observer kva som skjer.
  3. Fysiologisk saltvatn: Lag eit tredje mikroskopipreparat, og tilset fysiologisk saltvatn ved kanten av dekkglaset. Observer kva som skjer.

    1. Kva skjer med blodcellene i dei ulike miljøa?
    2. Kva for eit av miljøa illustrerer kroppen?

Del 3: Farging av blodutstryk

  1. Lag eit nytt preparat. Lat blodet tørke i cirka fem minutt ved romtemperatur. Blodet må vere heilt tørka før du går vidare.
  2. Plassar to dropar metylblått på preparatet, og lat det liggje i to minutt. Skyl forsiktig glaset med destillert vatn til all overskotsfarge er fjerna.
  3. Sjå på preparatet under mikroskop med låg forstørring. Auk deretter forstørringa.

    1. Kva ser du?
    2. Kvifor er det berre nokre av blodcellene som blir farga?

Dokumentasjon og vidare arbeid

Notat, bilete og teikningar er nyttig dokumentasjon.

  1. Ta bilete av blodcellene gjennom okularet med mobiltelefonen eller eit fotoapparat.
  2. Kva er spesielt med dei raude blodcellene?
  3. Forklar samansetninga til blodet og kva funksjonar og eigenskapar dei ulike bestanddelane har.
  4. Kva er hovudoppgåvene til blodet i kroppen?
Skrive av Skolelaboratoriet for biologi, UiO, Kristin Bøhle og Camilla Øvstebø .
Sist oppdatert 13.10.2020