Hopp til innhald
Nynorsk

Fagorganisering

Er du i jobb, er du ein arbeidstakar, og då kan det vere lurt å bli medlem i ei fagforeining som skal hjelpe deg å ta vare på rettane dine som arbeidstakar. Er du medlem i ei fagforeining, er du det vi kallar fagorganisert.

Fleire fagorganiserer seg

For mange handlar dette først og fremst om løn, men også i saker som gjeld andre tilhøve på jobben, kan fagforeininga vere til hjelp. Døme på slike saker kan vere viss ein tilsett står i fare for å miste jobben, eller om det er dårlege arbeidstilhøve på arbeidsplassen.

Fleire og fleire fagorganiserer seg. Ifølgje Statistisk sentralbyrå var det ved utgangen av 2024 over to millionar fagorganiserte her i landet. Det utgjorde ei auke på fleire enn 50 000 frå året før. Dei aller fleste i offentleg sektor er fagorganiserte (80 % i 2019), mens det i privat sektor er under halvparten som fagorganiserer seg.

Arbeidstakarorganisasjonar

Ei fagforeining er ei samanslutning av arbeidstakarar innanfor same industri eller fagområde. Fagforeininga er lokal, men er ein del av eit fagforbund eller ein fagorganisasjon. Fagforbunda er landsdekkjande. Døme på fagforbund er Handel og Kontor i Noreg, Norsk Transportarbeidarforbund, Utdanningsforbundet, Norsk Sjukepleiarforbund, Forskarforbundet, Den norske legeforeininga og Naturvitarane.

Fagforbunda er igjen samla i hovudsamanslutningar eller såkalla paraplyorganisasjonar. I Noreg har vi no fire hovudsamanslutningar av arbeidstakarorganisasjonar. Den største av desse er LO med over ein million medlemmar. Yrkesorganisasjonenes Sentralforbund (YS), Unio og Akademikerne er dei tre andre hovedsammenslutningane.

Arbeidsgivarorganisasjonar

Arbeidsgivarforeiningane er også organiserte i større hovudsamanslutnader. Den største av desse er Næringslivets Hovudorganisasjon (NHO – tidlegare Norsk Arbeidsgivarforeining). NHO har 18 medlemsforeiningar, mellom andre Abelia (Foreininga for kunnskaps- og teknologibedrifter), Fiskeri- og havbruksnæringas landsforeining, NHO Service og Handel, NHO Reiseliv og Norsk Industri.

Kommunane og fylkeskommunane, samt mange kommunale føretak, er organiserte i KS (tidlegare Kommunanes Sentralforbund, no berre KS). I lønsforhandlingar er det KS som forhandlar med dei kommune- og fylkestilsette på vegner av kommunane og fylkeskommunane.

Staten er også arbeidsgivar, og interessene deira er organiserte gjennom Fornyings- og administrasjonsdepartementet. Dei forhandlar med organisasjonane til dei statstilsette.

Kjelde

Statistisk sentralbyrå. (2025, 29. april). Fagforeinigsmedlemmar og streikar. Statistisk sentralbyrå. https://www.ssb.no/arbeid-og-lonn/arbeidsmiljo-sykefravaer-og-arbeidskonflikter/statistikk/fagforeiningsmedlemmer-og-streikar

Relatert innhald

KS

Nettside hos ks.no

Skrive av Inga Berntsen Rudi.
Sist oppdatert 08.04.2026