Hopp til innhald

Den kalde krigen – dei første åra

Den kalde krigen er nemninga på forholdet mellom aust og vest, med supermaktene Sovjetunionen og USA i spissen, i tiåra etter andre verdskrigen. Vi seier gjerne at dette var ein ideologisk konflikt mellom aust og vest –mellom kommunisme og kapitalisme.

Kvifor blei det kald krig?

Kvifor blei det kald krig? Etter andre verdskrigen oppstod det eit spenningsforhold mellom aust og vest. Dette trass i at USA og Sovjetunionen ved slutten av krigen var allierte som samarbeidde om avslutninga av krigen og Europas framtid både på Jaltakonferansen i februar 1945 og på Potsdamkonferansen i juli 1945. Grunnen til at vi kallar det for kald krig, er at konflikten aldri førte til direkte væpna kamp mellom Sovjetunionen og USA. Men i staden involverte dei seg i ein slags vikarierande krigføring, der dei engasjerte seg økonomisk og militært på kvar si side i andre krigar og konfliktar, som Koreakrigen og Vietnamkrigen.

Det finst ikkje éi forklaring på kvifor forholdet blei så spent. Vi må i staden sjå på fleire forskjellige årsaker. Frå 1945 blei dei ideologiske forskjellane mellom Sovjetunionen og USA tydelegare. Sovjetunionen var kommunistisk, mens USA var eit demokrati. Sovjetunionen hadde planøkonomi, mens det økonomiske systemet i USA var kapitalistisk.

Kommunisme versus kapitalisme

Kommunismen var prega av planøkonomi. Det gjekk ut på at staten bestemte kva som skulle produserast av varer og tenester, kor mykje som skulle produserast av kva, og korleis det skulle distribuerast. Bedriftene var statseigde, og overskotet skulle tilbake til samfunnet. Innanfor dette systemet var alle garantert arbeid, men ein måtte arbeide der staten bestemte. Arbeidarane hadde heller ikkje streikerett. I Sovjetunionen var berre kommunistpartiet tillate, media var under streng kontroll, og også religionsutøving var underlagt kontroll.

I USA, på den andre sida, gjaldt demokratiske prinsipp og ein kapitalistisk økonomi. Forskjellen frå planøkonomien er slåande. Under kapitalismen kan folk sjølve velje kva dei vil jobbe med, og bedriftene er eigde av det private. Overskotet av produksjonen går til eigarane. Arbeidarane har streikerett. I USA var det, og er det framleis i dag, religionsfridom og tale- og trykkefridom. Det er tillate med fleire parti, og det blir halde frie val. Samtidig hadde ikkje USA nokre problem med å samarbeide med diktatur så lenge dei var motstandarar av kommunismen.

Trumandoktrinen

Truman står på ein opphøgd talarstol i ein stor, halvsirkelforma sal, som er heilt full av dresskledde menn. Også på galleria er det tett i tett med menneske. Der er det også kvinner. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

I mars 1947 uttalte den amerikanske presidenten Harry S. Truman at "Eg går inn for at det må vere Sambandsstatanes politikk å støtte frie folk i deira kamp mot væpna minoritetar eller forsøk på undertrykking frå framande makter."

Denne setninga er ein del av fråsegna som sidan har blitt kalla for Trumandoktrinen. Sagt på ein enklare måte betydde det at amerikanarane ville støtte regjeringar som var trua av kommunismen. Den direkte bakgrunnen for dette var at i første omgang Hellas, men også Tyrkia, stod i fare for å komme under kommunistisk kontroll, noko amerikanarane ville unngå. Dei var redde for ein kommunistisk revolusjon som ville ta over Europa.

Marshallhjelpa

Marshallhjelpa, eller Marshallplanen, var eit amerikansk hjelpeprogram lansert av utanriksminister George C. Marshall i juni 1947. Dette programmet skulle hjelpe Europa tilbake på beina etter dei enorme øydeleggingane under andre verdskrigen. Alle dei europeiske landa, også Sovjetunionen, fekk tilbod om hjelp. 18 land i Vest-Europa godtok nødhjelpa. Sovjetunionen, på den andre sida, ønskte ikkje at økonomien deira skulle komme under internasjonal kontroll og takka nei på same tid som dei forbaud dei andre austeuropeiske landa å ta imot hjelpa.

Marshallplanen bidrog til enorm økonomisk vekst, og Vest-Europa blei også meir stabilt politisk sett. Likevel kom det etter kvart kritikk av planen. Historikarar på 60- og 70-talet meinte at planen var eit uttrykk for økonomisk imperialisme og eit forsøk på å kontrollere Vest-Europa slik Sovjetunionen kontrollerte Aust-Europa. Seinare har det også blitt hevda at Marshallhjelpa spelte ei mindre rolle i attreisinga av Europa enn det ein først trudde.

Tsjekkoslovakia

I 1948 førte eit sovjetstøtta kupp til at kommunistane tok over makta i Tsjekkoslovakia. Landet blei då erklært å vere ein sosialistisk republikk, og i realiteten ein eittpartistat. Tsjekkoslovakia var eit sentraleuropeisk land og hadde året før takka ja til Marshallhjelpa utan å konferere med Sovjetunionen. Etter kuppet blei dette trekt tilbake. At kommunistane no hadde all makt, verka illevarslande for USA og Vest-Europa.

Berlinblokaden

Nokre kvinner lempar grus og stein frå ei trekasse ned på gata. Nokre menneske står i ei gruppe bak ein stor haug  grus og stein. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Sidan slutten av krigen hadde Tyskland vore delt i fire soner kontrollerte av høvesvis Sovjetunionen, USA, Storbritannia og Frankrike. Også Berlin, som låg midt inne i den sovjetiske sona, blei delt i fire. I juni 1948 iverksette den sovjetiske leiaren Josef Stalin ein blokade av Vest-Berlin. Dette fordi vestmaktene ønskte tettare samarbeid mellom okkupasjonssonene sine, noko Stalin frykta ville føra til varig splitting av Tyskland. Han blokkerte derfor Berlin for å legge press på vestmaktene.

Blokaden gjorde at jernbane, vegar og kanalar inn til Vest-Berlin blei stengde. Løysinga til vestmaktene var å opprette ei såkalla luftbru til Berlin. Dei flaug inn alt av viktige varer, også kol. Ingen av partane ønskte å bruke makt i frykt for krig. Sovjetunionen heva blokaden i mai året etter.

NATO og Warszawapakta

Alliansar i Europa under den kalde krigen
Europakartet, 1945-91, delt i alliansesoner. Dei vestallierte landa er frå Portugal lengst vest til og med Island, Noreg, Vest-Tyskland, Italia, Hellas og Tyrkia. Sovjetunionen i aust. Mellom desse to blokkene ligg dei sovjetallierte landa i Aust-Europa, det uavhengige Jugoslavia og dei nøytrale statane Austerrike, Sveits, Finland, Sverige og Irland. Illustrasjonskart.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppretting av NATO i april 1949 var ei direkte følge av Berlinblokaden. NATO var ein forsvarsallianse mellom ti vesteuropeiske land, USA og Canada. Dei vedtok at eit angrep på eit av medlemslanda var det same som eit angrep på alle. Sovjetunionen svarte nokre år seinare med å lage sin eigen militærallianse med landa i Aust-Europa, Warszawapakta. Pakta blei underskriven i mai 1955 og tredde i verk månaden etter.

Det er no det såkalla våpenkappløpet mellom aust og vest verkeleg startar. Det blei ein kamp om å lage dei mest moderne og dei mest effektive våpena. På grunn av dette fekk vi etter kvart også ein maktbalanse, eller våpenbalanse. Både USA og Sovjetunionen blei i stand til å utslette kvarandre med atomvåpen og langdistanserakettar. Det betydde igjen at landa vegra seg for å bruke våpnena i frykt for kva svaret ville bli.

Vest- og Aust-Tyskland

Før den kalde krigen var Tyskland éin stat. Men etter at landet blei delt i okkupasjonssoner, og med den aukande spenninga mellom vest og aust, blei det ei endring i dette. Vestmaktene slo dei tyske sonene sine saman i 1949 og oppretta med det ein ny tysk stat: Forbundsrepublikken Tyskland, oftast kalla Vest-Tyskland. Sjølv om Vest-Berlin låg i den sovjetiske sona, blei det erklært at denne delen også skulle høyre til Vest-Tyskland. Sovjetunionen svarte raskt med å etablere Den tyske demokratiske republikken (Aust-Tyskland) i si sone.

Den auka spenninga og den kalde krigen hadde berre vart i nokre få år, men allereie var det store endringar på gang i Europa – både geografisk, militært og politisk. Etter kvart skulle desse endringane også påverke område i andre verdsdelar.

Kjelder

Lundestad, G. (2004): Øst, vest, nord, sør: Hovedlinjer i internasjonal politikk etter 1945. Universitetsforlaget

Petersen, T. (2022, 28. november). Den kalde krigen. I Store norske leksikon. https://snl.no/den_kalde_krigen

CC BY-SASkrive av Inga Berntsen Rudi.
Sist fagleg oppdatert 12.04.2023