Hopp til innhald
Nynorsk
Video

APUS: ein enkel dramaturgimodell

Dramaturgi er eit grep du bruker for å fange og halde på interessa til mottakarane. APUS-modellen er ein enkel dramaturgimodell som du kan bruke både i planlegging, produksjon og analyse av ulike medietekstar.

Dramaturgi og APUS-modellen

Dramaturgi er ein metode for å bygge opp og lage driv i ei forteljing. APUS-modellen er ei dramaturgisk oppskrift som kan brukast i alle typar medieproduksjonar, òg i journalistikk.

APUS-modellen er godt kjend for dei som lagar nyheiter eller aktualitetsstoff. Han blir brukt i NRKs redaksjonelle praksis og passar godt til forteljingar som omhandlar få hendingar og personar. Du kan bruke modellen når du vil formidle enkle forteljingar med lyd og video.

Fokussetning eller pitch til eigne produksjonar

Før du tek i bruk APUS-modellar i din eigen produksjon, kan du merke deg dette tipset: Skriv ei fokussetning eller ein pitch som beskriv kva forteljinga eller nyheitsreportasjen handlar om. Hugs å halde deg innanfor det du beskriv i fokussetninga/pitchen. Her er eit døme:

"XX kommune er ein liten kommune, men med mange ungdommar. Små kommunar har ikkje alltid så god økonomi, men her er likevel eit lite utval av fritidsaktivitetar som små og store kan vere med på" (Nybø, u.å., s. 13).

Spenningskurva i APUS-modellen

Formålet med å bruke dramaturgiske modellar er å få hjelp til å planlegge korleis publikum skal vere engasjert gjennom ei heil forteljing. Først må du ha klart for deg kva forteljinga skal handle om. Deretter er kunsten er å fordele informasjon om hendinga og personar i passelege porsjonar utover i forteljinga for å halde på spenninga hos publikum.

Spenningskurva i modellen ovanfor viser korleis mottakaren får ein enkel inngang til forteljinga gjennom anslaget før personar og hendingar blir presenterte. Så kjem ei utdjuping av historia eller saka, før ho blir runda av med ei avslutning.

Forkortinga APUS samanfattar den dramaturgiske oppbygginga og står for anslag, presentasjon, utdjuping og slutt:

A – anslag
P – presentasjon
U – utdjuping
S – slutt

Anslag

Anslaget skal gjere tilhøyrarane nysgjerrige, skape interesse og gi ei forståing for kva forteljinga handlar om. Anslaget er ein kort introduksjon av saka eller problemet i forteljinga og av personane som er med. Det kan bestå av eit spennande bilete, musikk og/eller eit interessant lydspor, til dømes eit sitat frå intervjuobjektet.

Presentasjon

Presentasjonen beskriv kort og/eller set opp heilt enkle spørsmål om kva saka dreier seg om, og menneske som er involverte. Her er eit døme:

"XX er ein liten plass. Er det noko å finne på etter skuletid? Det skal vi finne ut av. Vi har snakka med informasjonsansvarleg Ola Nordmann, som skal vise oss litt kva kommunen har å tilby" (Nybø, u.å., s. 14).

Her er det viktig å vere presis og unngå for mykje informasjon. Hald deg til hovudbodskapen slik at dei som ser eller lyttar, ikkje mister forståinga og interessa.

Utdjuping

Utdjupinga skal gi svar på eventuelle spørsmål som er stilte i presentasjonen, og ho skal innehalde fleire opplysningar om saka. Dette er den lengste delen. Her kan du gå meir i djupna og svare på spørsmål om kvifor og korleis.

Slutt

Slutten kan variere litt etter kva saka dreier seg om. Han kan til dømes konkludere, gi eit raskt samandrag eller du kan runde av saka med eit siste slåande sitat.

I ein reklame kan avslutninga bestå av logo og produktbilete, mens i ei nyheitssak kan du avslutte med ei oppsummering av dei viktigaste punkta.

Tenk over

Neste gong du ser ei nyheit, eit innlegg i sosiale medium eller ein reklame, forsøk å finne igjen dei ulike fasane: anslag, presentasjon, utdjuping og slutt.

APUS i ein reklamefilm

Beskriv APUS i en reklamefilm

  • Formuler ei fokussetning som passar for filmen.

  • Bruk APUS-modellen til å beskrive anslag, presentasjon, utvikling og slutt i Tines reklamefilm nedanfor.

  • Kvifor trur du reklamebyrået har valt å fortelje historia på denne måten?

Video: Tine / CC BY-NC-SA 4.0

Sentrale fagomgrep

dramaturgi
ein metode for å bygge opp og lage driv i ei forteljing, kan brukast i alle typar medieproduksjonar
APUS-modellen
står for anslag, presentasjon, utdjuping og slutt, og er ein modell for korleis ein kan bygge opp spenninga i ei enkel historie, til dømes ei videonyheit

Kjelde

Nybø, K. (u.å.). Journalisthandbok for elevar. NRK. https://fido.nrk.no/42b8725acc3d134ce26a89bf6ce8b449abb3080960a87cb2c44c5f1b50a34f81/nrk_skole_journalisthaandbok.pdf

Relatert innhald

Hollywood-modellen

Hollywood-modellen er ein mykje brukt dramaturgi med klassisk spenningsoppbygging og gjerne ein lykkeleg slutt.

Skrive av Maren Aftret-Sandal, Ragna Marie Tørdal og Albertine Aaberge.
Sist oppdatert 13.08.2025