Video
Dekorativ stilform
Dekorativ stil er antakeleg den stilforma som blir mest brukt i blomsterbutikkar. Stilen er frodig. Du kan bruke rikeleg med blomstrar og kombinere ulike sortar. Ofte vel vi ein farge eller form som dominerer uttrykket. Forma er klar og avgrensa, gjerne med djupneforskjellar.
Bukett i dekorativ stilform. Video: Jarle Sten Olsen / CC BY-ND 4.0
Kjenneteikn på eit dekorativt blomsterarbeid:
- frodigheit og volum
- ofte mange blomstrar og kombinasjon av ulike sortar
- klar og avgrensa ytre form
- djupneforskjellar i arbeidet
- likskapar i farge, form eller overflate
- ofte ein klar dominans av former eller farge
- noko bruk av kontrastar i form, linjer, overflater og fargar
- både symmetrisk og usymmetrisk blomsterarbeid mogleg

Stilhistorisk utgangspunkt
Dekorativ stil spring ut av barokken og rokokko.