Livsløpet til ei T-skjorte - NDLA

Hopp til innhald

Livsløpet til ei T-skjorte

Gjennom livsløpet til ei T-skjorte blir det brukt energi, vatn og kjemikal. Bli med på ei tenkt reise til det som skal bli ei T-skjorte.

Bomullsdyrking – USA

Bomulla til T-skjorta blir dyrka i Texas i USA. Det går med store mengder vatn og ein del sprøytemiddel. Bomulla blir hausta av store maskinar som bruker diesel som drivstoff. Ferdig hausta bomull blir transportert med båt til Kina.

Spinning, veving og farging – Kina

Framme i Kina blir bomulla behandla med ei rekkje kjemikal før ho blir spunnen til tråd og vevd til bomullsstoff. Det ferdige stoffet blir farga. Nokre fargestoff inneheld miljøgifter.

Sying – Bangladesh

Bomullsstoffet blir frakta til Bangladesh med båt. Her blir det klipt og sydd til T-skjorter. Arbeidarane kan ha lange dagar og få dårleg betalt.

Lager – Tyskland

Dei ferdige T-skjortene blir pakka og sende til Europa. Her blir dei først køyrde ut til kleskjeden sitt sentrallager. Deretter blir dei frakta til Noreg.

Butikk – Noreg

Frå kleskjeden sitt lager i Noreg blir T-skjortene køyrde ut til butikken.

Bruk

T-skjorta blir brukt flittig og vaska ofte. T-skjorta blir litt slitt og er ikkje så fin lenger. Ho blir lagt i kleskonteinaren utanfor butikken.

Gjenbruk – kleskonteinar utanfor butikken

T-skjorta er bra nok til å bli seld på nytt, og blir send til ein bruktbutikk. Klede som ikkje kan brukast på nytt, blir resirkulert til nye klede eller andre produkt



Skrive av Thomas Bedin.
Sist fagleg oppdatert 17.02.2020