Maskinvare
Vi skal sjå på oppbygginga av og komponentane i sjølve datamaskina. Her skal vi lære korleis vi vidare kan velje og byggje ei datamaskin til ønskt føremål. Deretter skal vi sjå på konfigurasjon og tryggleik.

Bilete: Shutterstock, NTB scanpix / CC BY-NC-SA 4.0
Komponentane i ei datamaskin
Kva er det som må vere på plass for at ei datamaskin skal fungere? Vi ser på dei seks hovudkomponentane til det som utgjer datamaskina:
- hovudkort
- prosessor
- minne
- skjerm og skjermkort
- harddisk
- straumforsyning
Periferiutstyr
I tillegg snakkar vi om periferiutstyr. Kva er det? Periferi kan tyde «omkrins» eller «utanfor/ytterkant». Dette er altså utstyr som kan knytast til eller koplast mot datamaskina og gi ein meirverdi, men som ikkje inngår i sjølve datamaskina. Eksempel på periferiutstyr er ein ekstern harddisk eller ein USB-minnepinne.
Val og kjøp av datamaskin
Kva er viktig når du skal byggje ei datamaskin? Det er mykje som må avklarast, både når det gjeld komponentane i datamaskina og kva for ønskjer og økonomi brukaren av utstyret har. Her skal du lære meir om sjølve bygginga, klargjering av arbeidsstasjon og val av operativsystem.