Hopp til innhald

Korleis lage miljøskildringar?

Kunsten å skrive gode miljøskildringar handlar om å dvele ved augneblinken. Du kan ikkje ha det travelt når du skal skildre omgivnadene til karakterane.

Oppgåve 1. Realistisk miljøskildring

Les utdraget frå romanen Populærmusikk fra Vittula av Mikael Niemi under.

  1. Kva stemning synest du det er i utdraget?
  2. Niemi skriv slik at vi som lesarar ser tydeleg for oss korleis skulen ser ut. Det vil seie at han lagar ei realistisk miljøskildring. Korleis får han til det? Strek gjerne under setningar som du synest skaper denne realistiske effekten.

Mikael Niemi: Populærmusikk fra Vittula

"En skyet augustmorgen slo gongongen, og jeg begynte på skolen. Første klasse. Høytidelig innmarsj sammen med mamma i den høye, gulmalte trebygningen som huset småskolen, en gammel skole som fantasifullt nok gikk under navnet Gamleskolen. Vi ble ført opp en knirkende trapp og inn i klasserommet i annen etasje, skred over brede, gulnede gulvbord med et tykt, glinsende lakklag og ble
anvist hver vår antikke skolepult med trelokk, pennerom og hull til blekkhus. Her og der satt det knivmerker etter adskillige elevgenerasjoner. Mødrene toget ut og vi ble igjen. Tjue unger med løse melketenner og vorter på fingerknokene."
(Niemi, 2002, s. 40)

Oppgåve 2

Lag di eiga miljøskildring inspirert av Mikael Niemi.

Del 1

Skriv ei miljøskildring av din eigen skule. Start med korleis du kjem inn på skuleplassen og avslutt med at du set deg ned på stolen din i klasserommet.

Målet er ikkje å skape ei veldig positiv eller negativ framstilling, men å gjere skildringa realistisk. Du skal skrive slik at den som les skal sjå skulen og klasserommet for seg. Bruk gjerne Niemis skildring over som inspirasjon.

Tenk over

  • Korleis er vêret når du kjem inn i skulegarden?
  • Korleis ser skulen ut? Beskriv fargar, veggar og så vidare.
  • Kva lydar kjem når du opnar døra?
  • Korleis luktar det inne på skulen?
  • Korleis ser pultane og stolane ut?
  • Korleis kjennest det å setje seg på stolen?

Del 2

I grupper: Les skildringane for kvarandre. Gi kvarandre tilbakemelding på korleis de har lykkast med å lage ei realistisk miljøskildring. Fokuser på følgjande:

  • Kva passasjar var spesielt gode? Kvifor var dei gode? Kva er det ved skrivestilen som fungerer godt her?
  • Kva passasjar er mindre vellykka? Kvifor er dei det?

Oppgåve 3. Dyster miljøskildring

Les utdraget frå Emile Zolas roman Thérèse Raquine under.

  1. Kva stemning synest du det er i utdraget?
  2. Korleis får Zola til å skape denne stemninga? Strek gjerne under setningar og ord som du synest særleg bidreg til å skape ei bestemd stemning.

Emile Zola: Thérèse Raquine

"Når man kommer fra kaiene og går Guenegaudgaten helt ut, treffer man på Nybropassasjen, en slags trang og mørk gang som går fra Mazaringaten til Seinegaten. Denne passasjen er ikke mer enn tretti skritt lang og to skritt bred; den er brolagt med gulnede, slitne og istykkerslåtte heller, som alltid er vemmelig fuktige og klebrige. Glasstaket som er over den, er svart av skitt.

På vakre sommerdager, når en glødende sol brenner gatene, bryter en hvitaktig lysning møysommelig gjennom de skitne rutene og når så vidt ned i passasjen. På riktig fæle vinterdager og når tåken ligger tett om morgenen, kaster rutene bare mørket i en natt nedover de klebrige hellene, et skittent og ufyselig mørke.

På venstre side finnes det noen mørke, lave og trange butikker som det står en kald likkjellergufs ut fra. De som holder til huse her, er folk som handler med brukte bøker, leketøy og alle slags ting av papp. Utstillingsvarene deres som er grå av støv, står liksom og sover inne i mørket, og alle har de fått et underlig grønnaktig skjær fra vindene med de små firkantede rutene. De mørke butikkene innenfor utstillingsmontrene virker som store uhyggelige hull, som noen underlige skikkelser av og til dukker opp fra."
(Zola, 1867/1974, s. 11)

Oppgåve 4

Lag ei dyster miljøskildring frå heimstaden din.

Del 1

Tenk på staden du kjem frå. Er det eit område i byen eller bygda du bur i som du synest er særleg vemjeleg?

Beskriv denne plassen så detaljert du klarer. Målet er å skape ei dyster miljøskildring.

Del 2

Les miljøskildringa høgt for dei andre i klassen, men unngå å seie nokre geografiske namn. Klarer dei andre å tippe kva plass du beskriv?

Oppgåve 5

Sit saman to og to. Bruk nettsida random-ize.com for å finne inspirasjon til å skrive ei miljøskildring saman. Om de trykkjer på denne, kjem de til ein heilt tilfeldig plass i verda via Google Street View.

Skriv annakvar setning i skildringa.

Random-ize.com som tek dykk til vilkårlege stader på planeten.

Kjelder

Niemi, Mikael (2002). Populærmusikk fra Vittula. Oslo: Pax.

Zola, É (1974). Thérèse Raquin. Oslo: Gyldendal. (Originalverket gitt ut 1867.)

Skrive av Åsa Abusland.
Sist fagleg oppdatert 17.12.2019