Grammatikk: Adjektivbøying (nominativ)
Samsvarsbøying
I norsk bøyer vi adjektivet i samsvar med substantivet det står til:
Hankjønn | Hokjønn | Inkjekjønn | Fleirtal |
|---|---|---|---|
ein raud genser | ei raud jakke | eit raudt skjørt | raude sokkar |
den raude genseren | den raude jakka | det raude skjørtet | dei raude sokkane |
Det same gjer vi i tysk:
Hankjønn | Hokjønn | Inkjekjønn | Fleirtal |
|---|---|---|---|
ein roter Pulli | eine rote Jacke | ein rotes Kleid | rote Socken |
der rote Pulli | die rote Jacke | das rote Kleid | die roten Socken |
Men vi bøyer adjektivet berre når det står framfor substantivet. Når det står aleine, er det ubøygd:
Der Pulli ist rot.
Die Jacke ist rot.
Das Kleid ist rot.
Die Socken sind rot.
Øving 1
Korleis oppfører norske adjektiv seg når dei står som predikativ (aleine)?
Lag fire norske setningsdøme etter mønsteret "der Pulli ist rot".
Pass på å få med deg eit hankjønnsord, eit hokjønnsord, eit inkjekjønnsord og eit ord i fleirtalsform.
Sjå på adjektiva. Kva legg du merke til?
Nokre nyttige fagomgrep
Dersom du ikkje hugsar omgrepa frase og attributiv og predikativ stilling, bør du kort friske opp kunnskapane.
Frasar
- Frasar er to eller fleire ord som høyrer saman.
- Ein substantivfrase til dømes er ofte sett saman av ein artikkel, eit adjektiv og eit substantiv: den snille jenta.
- Substantivet er "sjefen" i frasen. Sagt med eit fagomgrep: Substantivet er kjernen eller overleddet i frasen.
- Artikkelen og adjektivet derimot er underledd, dei må tilpasse seg substantivet.
- Artikkel og adjektiv får samsvarsbøying. Med det meiner vi at kjønn og tal på substantivet avgjer kva slags endingar dei får.
Attributiv og predikativ stilling
- Når adjektivet står framfor substantivet, seier vi at det er brukt attributivt: ein snill gut. Adjektivet er då ein del av substantivfrasen.
- Når adjektivet står aleine etter å vere eller å bli, seier vi at det er brukt predikativt: Guten er snill.
Øving 2
Hankjønn | Hokjønn | Inkjekjønn | Fleirtal |
|---|---|---|---|
der blaue Pulli | die blaue Jacke | das blaue Kleid | die blauen Socken |
Øving 3
Hankjønn | Hokjønn | Inkjekjønn | Fleirtal |
|---|---|---|---|
ein blauer Pulli | eine blaue Jacke | ein blaues Kleid | blaue Socken |
Øving 4
hankjønn | Hokjønn | Inkjekjønn | Fleirtal |
|---|---|---|---|
der blaue Pulli | die blaue Jacke | das blaue Kleid | die blauen Socken |
ein blauer Pulli | eine blaue Jacke | ein blaues Kleid | blaue Kleider |