Hopp til innhald

Ein ekte avtale - Gunvor Olavsdatter 1313

En ekte avtale datert 1313
Opne bilete i eit nytt vindauge

Ein ekte avtale

Dette brevet frå 1313 er utforma som ein kirograf (av gresk for handskrift). To identiske tekstar er skrivne på eitt pergamentblad. Ein skreiv gjerne Chirographus mellom dei to tekstane og klipte så tekstane frå kvarandre i eit sikk-sakkmønster. Kvar av partane i ein transaksjon fekk sin del. Ved behov kunne partane samanpasse dei to delane og på den måten vise at dei var ekte.

Den andre måten å bevise at eit dokument var ekte på, var å forsegle brevet. Denne kirografen er også forsegla med seglet til biskopen og domkapitlet. Den halvdelen av kirografen vi viser her, har høyrd til stavangerbispen. Denne hamna i København på 1700-talet og vart avlevert til Riksarkivet i 1937.

Innhaldet i brevet

Dette er eit proventbrev, som inneheld ein kontrakt om betalt opphald og underhald for Gunvor Olavsdatter i Stavanger bispegard så lenge ho lever.

Det var berre dei mest velståande som kunne kjøpe provent, dvs. husrom og kost i katolsk-geistlege institusjonar som kloster, bispegardar og kannik-kommunar. Dei fattige var tilvist til offentleg eller privat forsorg.

Proventbrevet inneheld detaljerte opplysningar om kor mykje Gunvor skal betale, og dei gjenytingane ho skal ha. Som betaling overlet ho Stavanger domkyrkje jordeigedom til ein verdi av 120-130 fullverdige kyr (tilsvarte om lag 9 kg sølv), som gjev eigaren ei årleg avkasting på 740 kg korn og 165 kg smør.

Til gjengjeld skal Gunvor ha eige rom i bispegarden, mat av beste kvalitet og 2,7 liter øl til maten kvar dag, og ho skal delta i festlege lag med ekstraforpleiing både av mat og øl. På visse høgtidsdagar skal ho ha rett til underhald av personleg tenestekone.

CC BY-NC-SASkrive av Patricia Haeck. Rettshavar: Riksarkivet
Sist fagleg oppdatert 05.03.2017