Kampen om tungtvannet

Oversikt over episodane
Handlinga
Den tyske nobelprisvinnaren i fysikk, Werner Heisenberg, er leiar for atomprogrammet til tyskarane. Han treng tungtvatn til atomreaktoren han har fått i oppdrag å bygge. Den einaste måten Tyskland kan få tak i tungtvatn på, er frå Norsk Hydros fabrikk på Vemork i Rjukan.
Vitskapsmann og motstandsmann Leif Tronstad blir bekymra då han får høyre at tyskarane ønsker å kjøpe tungtvatn. Saman med engelsk etterretning set Tronstad saman ei sabotasjegruppe som skal prøve å sprenge tungtvassanlegget.
Sabotørane og dei allierte blir deretter involverte i ei rekke dramatiske aksjonar då dei prøver å hindre at tyskarane får tak i det verdifulle og farlege tungtvatnet.
Historiske hendingar som fiksjon
Serieskaparane som har laga Kampen om tungtvannet, har tillate seg enkelte kunstnariske fridommar for å få historia til å fungere som tv-serie. Dette ser vi ved at enkelte av hendingane blir gitt att annleis i serien enn slik dei faktisk gjekk føre seg i verkelegheita.
Serien eignar seg godt til tverrfaglege oppgåver og diskusjonar i historie og mediefaga. Eit døme kan vere å opne for diskusjonar i klassen om korleis verda hadde sett ut i dag om Nazi-Tyskland hadde komme lenger i forskinga si på atomvåpen under andre verdskrigen. De kan òg diskutere om tv-serien framstiller dei faktiske historiske hendingane på ein påliteleg måte, om ein tek kjeldekritiske prinsipp i betraktning.